Mobil stolen på Os var i bruk i Bergen same kveld
Den unge kvinna var på jobb då telefonen blei stolen.
Torsdag klokka 11.15 fekk politiet melding om tjuveri av ein mobiltelefon.
– Eigar, ei kvinne i starten på 20-åra, fekk fråstole telefonen mens hos var på jobb i ein daglegvarebutikk nord for Os sentrum, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Telefonen blei spora, og var aktiv i Bergen sentrum seint på kvelden i går. Eigar vil formelt melda saka i dag.
Krangel om støy og dårleg dyrehald
Litt over klokka 14 torsdag rykte politiet ut på melding om nabokonflikt på Nore Neset.
– Det skal vera snakk omhøg musikk, annan støy og mogleg dårleg omsorg av dyr.
Ufin køyring
Klokka 21.20 torsdag fekk politiet melding om ufin køyring på Byvegen.
Patruljen stoppa bilen. Bilførar kjente seg ikkje igjen i skildringa. Han har førarkort, og det er ikkje mistanke om køyring i rus.
– Han fekk beskjed om å køyra varsamt vidare.
I 15-tida i går stoppa politiet ein bil på Halhjem ferjekai.
– Det var begjæring på bilen. Feila var fiksa, men ikkje registrert og godkjent. Bilførar fekk beskjed om å ikkje bruka bilen før den var framstilt for kontroll og godkjent.