Lokal | 23. nov. 2017
Møblerer sentrum
Bildeserie: Torsdag kom bymøbla som skal gjera det lettare å forstå kor ein kan parkera i sentrum.
Andris Hamretorsdag 23. nov. 2017 11:45
Møblane i kraftig heiltre og litt smidigare variantar i tre og stål blei torsdag plassert ut ulike plasser i sentrum. Opp kjem også sykkelstativ ulike strategiske plassar som ved Dragesethjørnet og framfor rådhuset.
Reaksjonane frå folk Midtsiden møtte var blanda.
– Det byrjer å komma seg no, var det ein som kommenterte medan andre var litt meir skeptiske til utforminga, spesielt til dei massive tremøblane.
– Eg håper dei mørkner litt etterkvart. Dei bryt jo litt med resten av stilen her, var det ei anna som kommenterte om dei lyse tremøbla.