Kultur | 16. jan. 2019

Modige ungar kasta seg i snøen

– Det har blitt ein tradisjon, og stadig fleire deltar, seier Renathe S. Bjørø.

Modige ungar kasta seg i snøen
Årets snøbading kom tidleg, og ungane meiner at dei i år bør rekka to slike turar ut i snøen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. jan. 2019 08:41

Bildeserie:

Dei tre eldste gruppene var inviterte, og heile 19 ungar deltok.
Dei tre eldste gruppene var inviterte, og heile 19 ungar deltok.
Etterpå var det utdeling av diplom.
Etterpå var det utdeling av diplom.
1 av 2
Dei tre eldste gruppene var inviterte, og heile 19 ungar deltok.
Etterpå var det utdeling av diplom.

Barnehagen inviterte ungane til snøbading, og 19 ungar kasta seg med.

– Det var naturlegvis frivillig, og alle måtte ha løyve frå heimen for å delta, fortel Renathe Sande Bjørø, pedagogisk leiar i Hegglandsdalen barnehage.

– Det er tredje eller fjerde gong vi har snøbading. I fjor var det rundt 15 minusgradar, så då måtte vi ha kakao då vi kom inn igjen. I går var det så varmt at vi nesten hadde problem med å få ungane til å bli med inn igjen.

Første gong var det 6 unge deltakarar, i går var 19 av 45 ungar med.

– Det er dei tre eldste gruppene som er inviterte, så vi hadde uansett ikkje blitt 45 snøbadarar.

Fri for frykt

Med handklede liggande klart i garderoben, og badetøyet på, sprang ungane ut i snøen.

– På nabotomta sto godt påkledde elevar på Hegglandsdalen barneskule, som tilskodarar, noko lange i maska.

– Foreldre er gjerne opptatte av at ungane skal ha det varmt og godt inne og ute, og fryktar kanskje at borna skal koma sjuke heim igjen frå barnehagen sjølv om dei ikkje spring rundt i snøen i badebukse. Er det ikkje skepsis til snøbadinga?

– Vi ønskjer å gi dei ei litt annleis oppleving, ein dag som ikkje er som dei andre. Dei fleste synest dette er spennande. Folk toler ein rask tur ut i snøen, så lenge dei får varmen i seg når dei kjem inn igjen. Nokre av ungane la seg òg ned på magen i snøen, og fleire spurde om ikkje vi kunne ta to snøbadingar denne vinteren, sidan den første kom så tidleg.

– Litt teoretisk lærdom har det òg blitt. Vi fekk spørsmål om kvifor dei blei raude på nevane når dei blei kalde, så då prata vi litt om korleis kroppen jobbar for å halda seg varm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.