Lokal | 09. jan. 2014

Mødre og fedre tatt i narkorazzia

Fire kvinner og to menn, fleire utan tidlegare narkosaker på seg, blei i går tatt i razzia. – Vi vil no ta alle ledd, frå seljarar til kjøparar, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Mødre og fedre tatt i narkorazzia
Kenneth Rastad grev djupt i narkomiljøet i Os. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. jan. 2014 08:51

Som ledd i etterforskinga av ei større narkosak slo politiet i går til mot fleire adresser i Os.

– Aksjonen er basert både på tidlegare observasjonar og tips, og frå opplysingar frå den aktuelle saka, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Rastad vil ikkje kommentera om aksjonen er knytt til narkosaka i romjula, der ein osing i midten av 20-åra blei plassert i isolasjon, mistenkt for sal av amfetamin.

– Dette er uansett ledd i vår nye satsing på narkotika, der vi aukar innsatsen og tar for oss alle ledd, frå sal til bruk.

Alle innrømte kjøp og bruk

Politiet slo i går til mot fleire adresser, på seks adresser blei folk taua inn, på to adresser blei det funne stoff politiet trur er amfetamin.

– Vi tok med fire kvinner og to menn til avhøyr, alle innrømte kjøp og bruk.

Det blei skrive ut fire forelegg, som alle blei vedtatt. Éi sak var meir omfattande og blei sendt til retten for tilståelsesdom.

Varsla barnevernet

Fleire av dei som blei tatt i går har ikkje tidlegare narkosaker på seg. Ein av dei er opprinneleg frå Aust-Europa.

Dei seks som blei tatt: To kvinner fødd i 1992, mann fødd i 1985, kvinne fødd i 1978, mann fødd i 1971 og kvinne fødd i 1970.

– Nokre av dei seks er også foreldre. I dei tilfella er barnevernet varsla, fortel Rastad.

– Vi kjem også til å utføra fleire tilsvarande aksjonar, legg han til.

Kan mista førarkortet

Du treng ikkje bli tatt medan du kjører bil i rusa tilstand for å mista førarkortet.

– Ei ny helseforskrift seier at politiet kan, ved påvist jamleg bruk, ta beslag i førarkortet.

– Så vidt vi kjenner til var det ingen av dei seks vi tok i går som hadde førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.