Kultur | 20. okt. 2019

Mogleg konsert med Det Umulige Bandet

Nornekoret med band frå NRK speler konsert i Vognhallen.

Mogleg konsert med Det Umulige Bandet
Nornekoret har med seg Det Umulige Bandet (innfelt) på to konsertar i Vognhallen førstkomande torsdag. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. okt. 2019 18:49

Nornekoret, som fyller 10 år i år, markerer 10-årsdagen sin med to konsertar i Vognhallen torsdag kveld.

Med seg har ikkje med seg Kringkastingsorkesteret, men «Det Umulige Bandet».

Det Umulige Bandet består av NRK-tilsette som var med på å laga serien «Det Umulige Landet», som gjekk på NRK i vår.

• Sjå òg: Steinar Birkeland i SakkoSekkStudio

Vår «eigen» Steinar Birkeland var programleiar, Trond Lillealtern var prosjektleiar og Dag Indrebø var fotograf. Dei har øvd inn låtar av Leonard Cohen, Bruce Springsteen og Neil Young.

Frå Øyane til Fana

Nornekoret vart stifta i 2009, og er ein del av Nore Neset Grendalag. Det var til å byrja med eit tilbod for folk frå Øyane og Nore Neset, men etter kvart har vi fått medlemmar frå heile kommunen, nokre bur til og med i Fana.

– Sjølv om det var meininga å vera eit blandakor, så er vi i dag berre damer, i alderen 20-60, fortel koret i ei pressemelding.

June Strønen var dirigent for Nornekoret fram til 2016, då tok Laila Storvik over stafettpinnen.

På norsk og fransk

– Vi har delteke på mange ulike konsertar: opning av Oseana saman med kora i Os, julekonsert - som har blitt ein tradisjon 1. søndag i advent, korkafé, deltaking på NoreNeset-dagane, basarar, vårkonsertar og innsamlingskonsertar. På julekonsertane våre inviterer vi inn unge musikarar, andre kor og artistar.

• Sjå video av julekonsertane i 2016 og 2017

Nornekoret har eit allsidig repertoar – framfor alt viser og pop - og på jubileumskonserten vår den 24. oktober vil publikum få høyra eit variert utval songar på norsk, engelsk, fransk og sjølvsagt i mange ulike sjangrar.

– Vi ønsker alle velkommen på jubileumskonsert i Vognhallen den 24. oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.