– Monica var flink med saga
Teikna av Os-firma, opna av Os-innbyggar: Kirsten Nylund samarbeidde med byrådsleiar Monica Mæland om den offisielle opninga av IKEA i dag.
– For å seia som Ingrid Espelid; "me har juksa litt". Delar av den tjukke furustamma var sagd av før vi byrja, innrømmer Kirsten Nylund.
Kirsten, som er frå Nordstrøno, hadde vunne ein konkurranse for å stå for den offisielle opninga av IKEA i dag. Bygget er teikna av ABO Plan og Arkitektur, også dei frå Os.
Les òg: Kirsten frå Strøno opnar IKEA
Saman med byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland, opna ho det som er Noregs største IKEA-varehus, på tradisjonelt IKEA-vis, ved å saga over ein tømmerstokk.
– Det var eit stykke å saga, men eg og Monica samarbeidde fint, eg synes ho var flink med saga, seier Kirsten.
Så var det handel
Etter opningsseremonien fekk Kirsten seg ein tur i varehuset.
– Eg gjekk ikkje i pluss, for å seia det sånn, ler Nylund.
– Fekk du noko for jobben?
– Nei, det hadde eg ikkje venta heller. Eg fekk ei fin oppleving saman med sonen vår, med show og konsert med Lars Vaular. Det var lønn nok.
500 i kø
Over 500 bergensarar møtte opp da IKEA opna Noregs største, og verdens mest moderne IKEA-varehus, i Åsane i dag.
Dei aller ivrigaste var på plass allereie 15 timar før opninga og tilbrakte natta i soveposer utanfor varehuset.IKEA opna klokka 10.
Her finn du fakta om nye IKEA, som er tre gongar større enn førre IKEA i Åsane.