Monster og evig venskap
Ungdomsfilmen Skvis og Hotel Transylvania er bygdekinoprogrammet for helga.
Søndag 21. oktober er det igjen tid for Bygdekinoen i Oseana.
Sjølvaste Dracula inviterer
Første film på programmet er animasjonsfilmen Hotel Transylvania, Dracula sitt fem stakars hotell der monstre kan oppholda seg utan menneske til å bry dei.
For å feira dottera Mavis sin 118 - årsdag inviterer Dracula nokre av verdas mest kjende monstre til feiring. Det blir blant anna møte med Frankenstein, Den usynege mannen og ein varulv-familie.
Monstra er ikkje noko problem for Dracula å takla, men problem oppstår då ein vanleg mann kjem til hotellet og vert forelska i dottera Mavis.
Ungdomsdrama
Den andre filmen søndag, Skvis, er ein norsk ungdomsfilm om lojalitet og evig venskap.
Ida har fått lov å vera aleine heime ei veke i sommarferien mot at ho tar over ansvaret for familien sitt gartneri.
Ida og venninna Molly har planen klar, dei skal nyta ei veke i fridom. Det var før dei innsåg kor mykje arbeid det var å halda gartneriet gåande.
Då Molly stikker av med kjekkasen Lukas heller enn å hjelpa til blir det ikkje enklere for Ida, som aldri ville ha svikta venninna for ein gut.
Det er til Ida sjølv forelskar seg i Gustav, som igjen venninna Beate har sverma for i fleire år.
Då Molly stikker av frå Ida sin bursdag og drikker seg dritings med katastrofale følgjer, går heile venegjengen i oppløysing.
Her er det duka for venskap, intrigar, hjartesorg og svik. Klarer venene å finna tilbake til kvarandre til slutt?
Første film, Hotel Transylvania, startar klokka 16.00, medan Skvis startar klokka 19.00.