Monterer nye leikeapparat på Kyrkjeflaten
Parken i Os sentrum får modular frå Høyt & Lavt sitt utval.
Bildeserie:
Det eine av to nye leike- og klatreapparat er ferdig montert, det andre er i ferd med å ta form.
– Vi kjem ikkje heilt i mål i dag, men i morgon skal alt vera klart til bruk, seier Jan Magne Aspenes frå Os Asvo.
Os Asvo har produsert og levert fleire element til Høyt & Lavt både til opning i Bergen (Vallaheiane) i 2015 og andre stadar i landet.
– Då Os kommune ville ha fleire aktivitetsskapande installasjonar på Kyrkjeflaten fekk vi heldigvis lov å bruka element tilsvarande det Høyt & Lavt bruker. Kanskje kan det vera litt reklame for Høyt & Lavt òg, at dei som meistrar desse løypene vil vidare til by'n for nye utfordringar, seier Aspenes.
• Videoreportasje: På innsio: Høyt & Lavt
Den første modulen, den som no er ferdig, inkluderer to stramme liner, den eine med noko å støtta seg til.
Den andre, som er ferdig i morgon, har ein spennande tunell av tønner.
• Les òg: Os Asvo rigga for framtida
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.