Andreas Lindhom frå Norsk Oppdrettsservice og Jonny Møgster frå Aqua Circle ved det nyinstallerte systemet i Flekkefjord. (Foto: Aqua Circle, Tor Espen Skoglund)
Andreas Lindhom frå Norsk Oppdrettsservice og Jonny Møgster frå Aqua Circle ved det nyinstallerte systemet i Flekkefjord. (Foto: Aqua Circle, Tor Espen Skoglund)

Monterte prototype i Flekkefjord

Aqua Circle sitt nye sentralfôringsystem er i drift hos Norsk Oppdrettsservice. Fleire har vist seriøs interesse for systemet.

Kjetil Vasby Bruarøy
12. januar 2016 - 21:44

Oppfinnar og medeigar Jonny Møgster har saman med dagleg leiar i Os-selskapet Aqua Circle AS, Tor Espen Skoglund, fått selskapet si nyvinning i drift i Flekkefjord.

Les òg: Sentral styring - gram for gram

Sentralfôringsanlegget er ei vidareutvikling av Auto Feeder, Møgster si opprinnelege oppfinning for presis og trykkluftbasert fôring av leppefisk og rognkjeks.

I det nye anlegget blir det fôra frå ein serie fôrboksar, som kan innehalda fôr i ulik storleik, direkte til kvart oppdrettskar med rognkjeks.

– Monteringa gjekk veldig fint og systemet fungerte som venta, seier Tor Espen Skoglund.

Etter testing og kalibrering blei det gjeve opplæring på bådebruk, vedlikehald og programvare, som òg kan fjernstyrast frå Aqua Circle sitt kontor i Hegglandsdalen.

– Norsk Oppdrettsservice er med oss på å utvikla systemet og skal etter å ha brukt prototypen nokre veker melda tilbake til oss med eventuelle forslag til utbetringar.

Fleire interessentar

Skoglund seier at Norsk Oppdrettsservice langt frå er den einaste potensielle kunden på det nye systemet.

– Berre i fjor dukka det opp 25 nye firma som vil driva med oppdrett av rognkjeks, fortel sjefen for Aqua Circle, som òg blei stifta i 2015.

– Både før jul og i romjula hadde vi nokre av desse selskapa innom, og alle tre viser seriøs interesse. Vi skal no på synfaring på anlegga for å få grunnlag til å rekna på tilbod til desse.

Aqua Circle har òg fleire nyvinningar som anten er ute til testing eller nyleg er testa og skal i produksjon.

Les òg: Tester nytt fôringsanlegg i Flekkefjord (kyst.no)

Midtsiden samleside: Næringsliv

 

 

Les meir om

Næringsliv Industri