Lokal | 30. apr. 2014

Moped mot bil

Ein ung mopedførar blei sendt til sjukehus med ambulanse etter frontkollisjon mellom moped og bil på Ulven.

Moped mot bil
Ein moped på veg frå Drange kolliderte mellom Ulven og Kolskogen med ein bil på veg frå Os. (Foto: Midtsiden.no)
Andris Hamreonsdag 30. apr. 2014 06:37

Bildeserie:

Det blei kø og snuing då vegen var stengt etter ulykka. (Foto: KVB)
Det blei kø og snuing då vegen var stengt etter ulykka. (Foto: KVB)
Brannvesenet rydda vekk mykje oljesøl.  (Foto: KVB)
Brannvesenet rydda vekk mykje oljesøl. (Foto: KVB)
Både mopeden og bilen blei skadd.  (Foto: KVB)
Både mopeden og bilen blei skadd. (Foto: KVB)
1 av 3

Litt over klokka åtte onsdag morgon rykte brannvesen, politi og ambulanse ut på melding om møteulykke mellom moped og bil.

Ulykka skjedde mellom Ulvensletta og Kolskogheiane.

– Føraren av mopeden er bevisst, men har kanskje skade i ein fot, meldte politiet på Twitter.

Mopedføraren, som ifølgje ein kamerat på staden var på veg frå Drange til Os vgs, er frakta til Haukeland universitetssjukehus med eit mogleg brot i foten.

Trafikken sto etter i begge retningar etter ulykka. Klokka 09.02 starta politiet å sleppa biler gjennom.

– Kvinne åleine i bilen

Bilen køyrde i retning Hagavik medan mopeden var på veg frå Drange til Os.

– Det kan sjå ut som om det også er treffpunkt mellom bilen og mopeden, fortel politibetjent Johnsrud ved Os lensmannskontor til Midtsiden.

Kvinna var åleine i bilen.

Bilen har køyrd inn mot autovernet og fått skader i frontruta etter at airbagen på passasjersida løyste seg ut.

Brannvesenet har rydda vekk mykje oljesøl på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.