Mopedist stakk av

Politiet gav opp jakt i Borgavegen, men fekk seinare tak i villmannskjøraren.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag i 14-tida stakk ein moped frå politiet. Men dei fekk likevel tak i føraren.

- Patruljen ville stoppa mopeden for kontroll, men den la på hjul i ein slik fart og uforsvarleg kjørestil at politiet valte ikkje å følgja etter, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Men politiet fekk tak i identiteten til føraren og tok kontakt. Guten innrømte at han kjørte frå politiet.

- Kva straff kan han venta seg?

- Det kan bli både forelegg og kjørenekt, men det er ikkje avklart enno.

Korleis ungdomen klarte å kjøra frå politiet på ein 50 ccm i Borgavegen er også uvisst.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11