Lokal | 10. juli 2015

– Moro og fredfullt

48 elleve-åringar på CISV-leir fekk ein dag på fjorden med oselvarar.

– Moro og fredfullt
CISV-ungane koste seg i oselvarane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. juli 2015 07:15

I sommar er elleve-åringar frå 12 ulike land for heile verda samla i Os på CISV-leir. Torsdag var dagen kome for utflukt til Oselvarnaustet og tur på fjorden i Noregs sin nasjonalbåt.

– Vi er veldig takksamme for at Oselvarlaget stilte opp på dugnad for å gje deltakarane på leiren ei oppleving på fjorden. Eg trur dei har kost seg, seier Simen Waage, som er i staben på leiren.

Det er ikkje berre oselvarlaget som har stilt opp for CISV-erane, heile bygda har vore i sving med hjelp og dugnad i samband med leiren.

Flott med elva

At dei har kost seg og hatt ein fin dag på sjøen kan Quinn frå USA stadfesta.

– Det var kjekt og fredfullt å sitta bak i båten og sjå på laksen som hoppa.

Sjølv om han berre er elleve sumarar gamal er det ein bereist gut Midtsiden snakkar med. Heile 32 land verda rundt har ungguten vitja.

– Det har vore gøy å koma til Noreg. Det var heilt annerleis enn eg hadde trudd. Mykje betre infrastruktur enn eg hadde venta. Det er omtrent som heime i USA.

– Os er ein fin plass. Spesielt godt lik eg at elva renn midt gjennom byen. Den er nice, skryt ungguten.

Etter endt rotur gjekk ferda vidare til Mobergsvikjo kor det venta hot dog på grillen.

Dette er CISV

Dei 48 ungane kjem frå heile verda til Os. Saman med seg har dei ein leiar slik at det til saman er 60 gjester som vitjar den lokale CISV gruppa.

CISV er ein religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skapa større forståing mellom menneskjer frå ulike kulturar og nasjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.