Kultur | 19. des. 2017

Morten Abel tilbake

Med splitter nye låter kjem Morten Abel tilbake til Osfest.

Morten Abel tilbake
Morten Abel fekk publikum med seg då han vitja Osfest i 2015. Til sommaren er han tilbake (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 19. des. 2017 09:11

Morten Abel var på Osfest i 2015. Til sommaren kjem han tilbake med splitter nye låter og ei rekkje udødlege hits.

– Vi er glade for ha fått Morten Abel tilbake til Osfest. Han skal på scenen laurdag, fortel Tor Egil Hylland i Osfest.

Få artistar her til lands har ein like suksessrik og mangslungen karriere som Morten Abel. Med hits som «Be My Lover», «Lydia» og «Hard to Stay Awake» treng han knapt nok noko nærare introduksjon.

Til Osfest tek han også med seg splitter nye låter frå det kommande albumet, «Evig din» som er venta på nyåret.

Får før er det kjent at også Stavangerkameratene kjem til Osfest 10. og 11. august, så Rogaland blir godt representert på sommarens festival.

– Billettane er allereie i sal og er folk kjappe får dei med seg early-bird-tilbodet. Det er det ein god del som allereie har gjort. Vi har ikkje for vane å selje så mange billettar før jul, men i år har det vore bra, seier Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.