Sport | 27. jan. 2010

Mot gruppeleiar i dag

Baste Jonassen og Brann junior spelar onsdag avgjerande kamp mot fjorårets vinnar av Color Line Cup.

Mot gruppeleiar i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. jan. 2010 06:32

Brann har lånt tre Løv-Ham-spelarar, ein tidlegare Brann-spelar frå Nest-Sotra og Os-spelaren Baste Jonassen til eliteturneringa i Ålesund for juniorar.

- Nokre av juniorane våre er på leir med A-laget på Kanariøyene, nokre måtte bli igjen heime, så vi er glade for at vi fekk med oss desse spelarane frå andre lag i området, seier juniortrenar Helge Nilsen til Midtsiden.no.

- Vi har fem gutespelarar og ni spelarar fødd i 1993 med oss, så vi har det yngste laget her oppe. Derfor er det kjekt å sjå at vi klarar oss så bra på dette nivået, legg han til.

Slo Molde - treng poeng mot Midtjylland
Åtte lag er med i turneringa. Brann spelar i pulje med Molde, Vålerenda og danske FC Midtjylland. Måndag starta dei med 4-2-siger etter 1-1 til pause mot Molde. Jonassen spelte dei første 80 minutta.

Tysdag kveld sto det 2-3 til pause i kampen mot Vålerenga, og stillinga blei ståande kampen ut. I denne kampen kom Baste innpå i andre omgang.

- Dei var best i første omgang, vi i andre. Det blei 8-8 i målsjansar, men dessverre ikkje skåring på oss i andre omgang.

Onsdag går avgjerande kamp i puljespelet, mot Midtjylland, som vann i fjor og leiar gruppa.

- Utan uavgjort eller betre blir det nok ikkje håp om semifinale, men vi skal uansett spela 5 kampar desse 6 dagane, fortel Nilsen.

Jobba med posisjonering
Nilsen seier Baste er god i duellspel og ein fin spelar å ha i gruppa. Han seier også at han i første kamp låg litt høgt i banen.

- Vi driv videoanalyse etter kampane, og for Baste sin del er det posisjonering vi har jobba med. Og han er lærevillig, det såg vi mot Vålerenga, då han kom innpå og gjorde ein god kamp.

- Dette med videoanalyse var spennande, du får god oversikt når du får sjå kampen å denne måten, seier Baste.

Han fortel at det er gode forhold i ein fin hall med veldig godt dekke. Jonassen synes også at Brann-trenarane gjer ein god jobb med den unge gruppa dei har med seg.

- Kva gjer de på når det ikkje er kamp og kampanalyse?

- Lite. Nokon gjer lekser, andre slappar av på rommet eller ser handball, seier gymnaseleven.

Onsdag klokka 14 går kampen mot Midtjylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.