Lokal | 24. nov. 2017

Mot kinesisk turistboom?

Delegasjonen som besøkte Os i dag var meir målretta - og meir begeistra, enn kva Os kommune kunne sett for seg.

Mot kinesisk turistboom?
Møtet blei avslutta med torskemiddag i Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. nov. 2017 12:39

Bildeserie:

1 av 4

Fredag formiddag kom ein offentleg delegasjon på ni kinesarar frå Ankang på besøk til Os kommune.

Verken næringssjef Daniel Skotheim eller ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) visste heil kva besøket ville, eller kvifor dei hadde bedt om å få koma til Os, men etter møtet er begge svært oppglødde.

– Møtet gjekk utruleg bra! Det ser ut som om dei er veldig interessert i Os som turistdestinasjon, og at dei liker det vi viste dei. No vil dei heim og fortelja kor vakkert det er her, seier Skotheim etter møtet.

– Spesielt oselvaren og bilde frå Det Store Bjørnafjordmåltidet slo godt an.

– Uvanleg vakkert!

Dette blir stadfesta av Yang Haibo, chief, Bureau of Culture, som Midtsiden fekk snakka med, via svensk- og engelsktalande tolk.

– Os er heilt fantastisk! Det er ein vakker by, og eg kjem aldri til å gløyma dette besøket!

• Møtet blei innleia med Song til Os-videoen.

– Fleire stadar vi har vore på besøk, er grå og kjedelege. Os har mykje å by på, og folk er venlege og veldig smilande, seier Haibo.

Heller Os enn Bergen

Også etter møtet var Os kommune sine representantar usikre på kva som leia delegasjonen til Os.

– Vi har kjent nordmenn i generasjonar, og eg har ein nær personleg norsk ven i 90-åra som no bur på Skøyen i Oslo, men som besøkte Angkang både då han var 2 år, 12 år og mange gongar seinare, gjerne 3-4 gongar i året.

– Han anbefalte oss å reisa til Os. Heldigvis.

Haibo og tolken fortel at Bergen står som nummer 1 på programmet for svært mange kinesarar som vil til Noreg.

– Derfrå reiser dei vidare til blant anna Flåm og Preikestolen. Kvar gong eg er i Bergen møter eg mange kinesarar, det er nesten som å vera i Kina. Då er det betre å koma til ei bygd som Os, seier tolken.

Reiser heim som Os-ambassadør

– Kva skjer vidare mellom Os og Angkang no?

– Vi vil heim og fremja Os som turistdestinasjon, å anbefala våre innbyggarar å reisa til Os når dei skal til Noreg, seier Haibo.

Angkang har over 2,6 millionar innbyggarar.

Gjestane frå Angkang:
Chen Yong, chairman i Ankang Consultative Province, Shaanxi Province
Guo Delin, chief, Health Bureau
Yang Haibo, chief, Bureau of Culture
Liao Kunbo, chief, Bureau of Land and Resources
Wang Lin, The CPC Party Working Committee of Ankang Municipal Gaoxin District
Ru Fuyi, president, Ankang Centre Hospital

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.