Lokal | 11. okt. 2018

Mot lysare tider

Arbeidet med gangfelta over Hatvikvegen (fv 552) er no teke opp att. (oppdatert).

Mot lysare tider
I dag byrja Mesta arbeidet med å montera lys i dei to gangfelta mellom Undino og Osbrua. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 11. okt. 2018 13:24

Bildeserie:

Lyktestolpane inn mot, og i rundkøyringa får alle nye armatur med LED-pærer. (Foto: KOG)
Lyktestolpane inn mot, og i rundkøyringa får alle nye armatur med LED-pærer. (Foto: KOG)
(Foto: KOG)
(Foto: KOG)
Den første på plass!  (Foto: KOG)
Den første på plass! (Foto: KOG)
I neste veke kjem fartsdump og gangfelt her.  (Foto: KOG)
I neste veke kjem fartsdump og gangfelt her. (Foto: KOG)
1 av 4
Lyktestolpane inn mot, og i rundkøyringa får alle nye armatur med LED-pærer. (Foto: KOG)
(Foto: KOG)
Den første på plass!  (Foto: KOG)
I neste veke kjem fartsdump og gangfelt her.  (Foto: KOG)

Arbeidet har drøya sidan Os kommune sendte brev til Statens vegvesen hausten 2017. I juli i år starta arbeidet opp med å utbedra skadane og utfordringane som blant andre Os eldreråd hadde påpeika.

Etter ein periode med arbeid vart det brått stopp, og mange reagerte på korleis det var å ferdast, både som gåande og i bil. Spesielt vart det reagert på overgangen nærast Osbrua. Her stod det att høge kantar som ikkje var lett å forsera om ein var dårleg til beins eller sat i rullestol.

Overgangsfelta har i tillegg mangla dei karakteristiske kvite stripene i vegbana etter at det vart lagt ny asfalt.

Fartsdump i neste veke

Morten Solholm i Statens vegvesen kan fortelja at dei planlegg å få gjort ferdig overgangen nærast brua i neste veke.

– No er vi i gang med å setja opp lys ved begge overgangane, og samstundes kjem vi til å skifta armaturar i lyktestolpane inn mot, og i rundkøyringa. Vi skal bytja til LED-pærer i alle stolpane, fortel Solholm.

– Overgangen som ligg nærast brua vil verta asfaltert med fartsdump i neste veke. Då vert det eit skikkeleg opphøgd gangfelt slik som planlagd, avsluttar Solholm.

OPPDATERT: I ei tekstmelding i ettermiddag skriv Morten Solholm frå Statens vegvesen at asfaltarbeidet vil starta allereie klokka 21.00 i kveld. Dei reknar med å bli ferdige i løpet av natta. Med andre ord kan det vera greit å vera førebudd på ein ny hump på vegen i morgon tidleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.