Kultur | 01. feb. 2012

Mot toppen i Texas

ORBOs "Praire Sun" blei i går lansert i USA. Den første singelen segla rett inn på 32. plass på topp 40 og er no A-lista i fleire storbyar.

Mot toppen i Texas
Orbo & The Longshots. (Foto: Paul Bernhard Lund)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. feb. 2012 10:01

ORBO sin manager i USA, Brett Steele, har gjort ein god jobb med å promotera rockarane frå Os og Bergen mot radiokanalane i Statane.

Denne veka kom debutanten ORBO & The Longshots sin første singel, "Nights Don’t Belong To Us", rett inn på 32. plass på AMA Chart-en, topp 40-lista for musikk i americana-sjangeren.

– Dette er sjangeren for dei som framleis speler instrument, du kan gjerne kalla det organisk musikk, som roots, soul og blues, seier Ole Reinert Berg-Olsen til Midtsiden.

"Killer tunes, kick-ass vocals and great lyrics. Not forced or plastic. It rocks big time."

- Americana, UK -

– Det er to lister i USA som kan bety noko for oss, det eine er tripple-A (AAA)-lista, som er meir som P1 og P4 her heime. Og så har vi AMA Chart, som er mot sjangeren vår, ein sjanger som er stor og brei, ikkje minst i USA.

På liste med Waits og Willie

Det er speletid på radio som styrer rangeringa på lista, som denne veka blant anna inneheld artistar som Chris Isaak (22. plass), Tom Waits (19. plass) og samlealbumet til Willie Nelson (6. plass).

Sjå heile lista på americanaradio.org.

"Nights Don’t Belong To Us" blei spelt 104 gongar sist veke og er no på "heavy rotation", altså A-lista, på radiokanalar i byar som Dallas, Seattle og Boston.

– Det skal, sånn eg har forstått det, vera litt uhøyrt å segla inn på lista etter to veker på radio. Det er visst like vanleg at du blir spelt i to-tre månadar før du er inne på topp 40, så vi er veldig nøgd!

ORBO-låta ligg over artistar som den britiske stjerna Imelda May, som blant anna spelte på Bergensfest i fjor, og Ry Cooder, tidlegare gitarist i Little Village, som var store på 80-talet.

Stort amerikansk opplag

Etter to veker med singel på amerikansk radio sleppte ORBO i går albumet Praire Sun på SONY i USA saman med Grappa og Blue Mood Records. Praire Sun fekk terningkast 6 i Bergens Tidende, Oppland Arbeiderblad og Sunnmørsposten, og 8 av 10 stjerner i BluesNews.

– Vi lanserer med eit opplag på 10.000, som er stort for oss. I Noreg har vi stort sett starta med opplag på 2000 og 3000, seier ORBO.

Plata er spelt inn i Tom Waits’ studio i California. Albumet er produsert av ORBO & Erick Jaskowiak. I februar kjem det også ny musikkvideo som er laga i samarbeid med Norges Kreative Fagskole.

Følgjer opp med turné

Rundt halvparten av fansen til ORBO & The Longshots er, ifølgje Myspace, frå USA. ORBO & The Longshots spelte 15. oktober i fjor på AMA Music Awards i Nashville - som første norske artist nokosinne.

I februar følgjer ORBO opp den gode amerikanske marknaden med turné.

– Det blir 14 spelejobbar på 14 dagar, stort sett på plassar som tar 250 til 500 publikummarar, seier Ole Reinert.

Turneen startar 29. februar i Nashville og held fram oppover kysten til New York før longshottane snur og tar innlandet tilbake til Nashville. Turneen skal innom byar som Philadelphia, Washington DC og Memphis, i tillegg til Nashville og New York.

På plakaten står også Dex Romweber, siste nysignering på plateselskapet til Jack White (The White Stripes).

Tar Texas i mai

Dei to komande vekene i USA blir ikkje dei einaste for ORBO & The Longshots.

– Vi planlegger også ein turné i Texas, der americana-sjangeren er stor, og der vi allereie har fått litt fotfeste.

– Så blir det spennande å sjå fram til både første og andre turné, korleis albumet blir mottatt og korleis speletida på radio utviklar seg for dei ulike låtene, seier Ole Reinert Berg-Olsen etter den svært gode starten i USA.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.