Jeanett Kallekleiv framfor delar av publikum. Mannekengane gjekk over brua og opp til gapahuken for å snu. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Viste haustmote i skogen

Over 200 møtte fram til moteshow på Knutabruo.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Borg Vêr sitt moteshow på Borgafjellet i fjor samla rundt 150 tilskodarar. Av praktiske årsaker blei det i lavlandet i år, og catwalk på Knutabruo fungerte minst like godt.

14 mannekengar var samla på vestbreidden, fleire hundre sat med ustsikt til Knutabruo og i og rundt den store og knapt eitt år gamle gapahuken.

– Dei 100 velkomstdrinkane vi hadde skjenka i var vekke i god tid før start, Havnechefen selte alle dei 100 porsjonane med bulgur og kyllingklubber og 200 skreiv seg inn i gjesteboka som gav både lodd og rabatt i butikken, fortel Jeanett Borgen Kallekleiv.

Perfeksjon og perkusjon

Det var perfekt vêr for moteshow laurdag, overskya, men varmt og vindstille. Men ikkje alt gjekk heilt på skjener. Rett før første modell byrja å gå over den 50 meter lange brua slutta høgttalaren å virka.

Men modellen Jannike, Jeanett si søster, hoia og klappa, fekk publikum to hakk opp i humør, og så var taktfast applaus i gang, modell etter modell.

– Dette fiksa ho på strak arm, og publikum var jo i kjempehumør!

– Alt blir ekstra gøy når du er ute. Eg er veldig takksam for at det kom så mange, og for alle som stilte opp. Eg blir heilt rørt av responsen.

To gode plassar

I pausen var det livemusikk ved Os-spelar Mats Cato Moldskred, etter pause hadde pappa Kallekleiv trilla bilen sin opp til publikum, og musikken var i gang igjen.

– Det blei ein lang og fin dag! Vi hadde utvida opningstida frå 16 til 18, og det var bra trøkk i Telthuskvartalet utover ettermiddagen, fortel Jeanett.

– Kvar blir moteshowet neste haust?

– Med god repsons både på fjellet og på brua blir det vanskeleg å velja. Men det kan òg henda at eg finn ein heilt annan stad.

Fleire saker