Kultur | 01. okt. 2018

Moteshow med meining

Rosa Sløyfe er raud tråd når Madam Ane med fleire viser kolleksjonar og kultur i Tunet.

Moteshow med meining
Tove Tvedt Skarstein har travle timar før morgondagens moteshow. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. okt. 2018 09:03

Tysdag kveld er det tid for moteshow i Tunet igjen, også denne gong med meir enn handel i fokus.

– Vi liker å ha eit tema, eller ein profil, på desse kveldane. I år hektar vi oss på Rosa Sløyfe-aksjonen, fortel initiativtakar Tove Tvedt Skarstein.

Rosa sløyfe-aksjonen er ei internasjonal rørsle som starta i USA og som blei arrangert i Noreg første gong i 1999. Brystkreftforeningen og Kreftforeningen står saman om aksjonen, og i Os blir det samla inn BH-ar til oktoberaksjonen.

Fleire butikkar saman

Under moteshowet blir det vist klede og varer frå butikkane Madam Ane, Instinct, Moberg Sko og Bakketeig. Dessutan er Tone’s Helse og Velvære og 75-årsjubilant Gullsmed Eide representert.

– Instinct stiller med 4 modellar, eg har med meg 9. Mine mannekengar er frå 20 til 72 år.

Det blir selt billettar til showet.

– Responsen har vore god, 190 av 220 billettar er selte, fortel Tove måndag formiddag.

Foredrag, musikk og dikt

I tillegg til at overskotet av inngangspengane går til Rosa Sløyfe-aksjonen vil Merete Blindheim dela si historie om før, under og etter at ho fekk diagnosen brystkreft.

Os kommune sin kreftskoordinator, Sigbjørg Eriksson, vil informerea om aksjonen og det blir treffpunkt med musikar Eirik Søfteland, som mista mora si i kreft.

– Forfattar og diktar Bente Bratlund har i vår samarbeidd med musikar, kunstnar og Spellemannpris-vinnar (1975) Anne Lise Gjøstøl. Gjøstøl har sett musikk til Bratlund sine dikt, og urframføring av dette blir under moteshowet, fortel Tove Tvedt Skarstein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.