Moteshow med noko attåt
Allereie ein time før opning stilte publikum seg i kø for å sikra seg dei beste plassane på motevisinga til Os Sentrumsforening.
Rundt 100 personar hadde kjøpt billett for å få med seg vårmoten butikkane i Os har å by på.
- Vi har vore rundt 200 før, men nytt i år er at dei måtte betala inngangsbillett, fortel Tove Tvedt Skarstein.
Grunnen til det er at gjestane no fekk eit aldri så lite festmåltid frå Engeline, mot tidlegare, då det berre har vore smaksprøvar.
Ivrige etter å koma inn
Lenge før arrangørane var klare til å opna dørene stilte publikum seg i kø utanfor.
- Då vi opna dørene så var det om og gjera å sikra seg dei beste plassane, tett på catwalken, smiler Tove.
På scenen fekk dei sjå vårmote frå butikkane i sentrum, både klede, sminke, hår og briller.
- Og så hadde May-Ingund Bruarøy med seg to kofferter fulle av smykker frå Van Bergen som modellane fekk vist fram.
I tillegg kom Vidar Bratlund Mæland og leste frå boka han har skreve om Kald Kaffi Sauen, og interiørbutikken Nordisk rom stilte ut det hottaste av nordisk design.
Pasteller, marmor, kobbar og andre gyldne materialer er sentrale i interiørmoten no.
Stemninga steig då gutane kom
Modellane har sentrumsforeininga verva gjennom vener og kjente.
- Det er så kjekt at vi har vanlege jenter og gutar som modellar, og alle vi spør om å bli med er sporty og stiller opp.
Tove fortel at stemninga på showet var god, men då gutane kom på scena steig det enda eit hakk.
- Då dei mannlege modellane, Steinar og Øyvind, entra scenen, så steig stemninga endå meir blant jentene, fortel Tove og ler.
Oseana neste?
Etter ei vellukka motevising og etter at menge premiar var trekt ut, opna dei ansatte butikkane sine så publikum kunne kikka litt og kanskje kjøpa antrekket dei hadde sett seg ut på scenen.
- Det var mange innom butikkane i etterkant og stemninga var veldig god.
- Publikum var så glade og skjønne alle saman, seier Tove.
Og at det blei fleire moteshow framover kan Tove stadfesta.
- Men kven veit, kanskje vi løfter det til Oseana neste gong? seier ho og smiler lurt.