Politi | 07. jan. 2026

Motorstopp på E39 og farleg parkert bil på Halhjem

Politiet handterte to trafikale utfordringar i går, tysdag.

Motorstopp på E39 og farleg parkert bil på Halhjem
Ein bil stod parkert nær ferjelemmen. Foto: Midtsiden (arkiv)
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 07. jan. 2026 09:24

Politiet rykte i 9-tida tysdag morgon, 6. januar, ut til E39 ved Espira barnehage i retning Bergen etter melding om køyretøystans.

– Det var ei kvinne fødd i 2005 som var førar. Ho hadde fått motorstopp, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet kom til staden. Ved promilletest blåste føraren til 0,0, og det var ikkje mistanke om rus.

Bilen blei frakta vidare til Ulvenpaken.

Seinare på dagen, rundt klokka 15.30, fekk politiet melding om ein bil som stod farleg parkert på Halhjem ferjekai, like ved fergelemmen.

– Eigaren blei varsla om borttauing dersom bilen ikkje blei fjerna straks, seier Lyssand.

Ifølgje politiet hadde bilen fått motorhavari på nyttårsafta og skulle bli henta av NAF.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.