Lokal | 15. mai 2012

Møtte hysterisk hund

– Eg er vant med hundar, men har aldri sett ein så sint hund før, heilt uprovosert, seier vitne om rottweiler som herja rundt Amfisenteret i går.

Møtte hysterisk hund
(Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 15. mai 2012 22:22

Måndag i 12-tida på dagen gjekk ein hund laus i Prestegardsskogen.

– Eg såg den sprang laus mellom bilane på parkeringsplassen til AMFI Os så eg sette meg ned og ropte på den, fortel eit vitne.

Hunden, som skal ha sett ut som om den var av rasen rottweiler, bråsnudde og kom glefsande mot han.

– Eg har aldri sett ein så sint hund før, og klarte akkurat å kasta meg vekk. Heldigvis så sprang den frå staden.

Politiet rykte ut

Vitnet frykta at hunden skulle koma brått på andre, og kanskje bita ein unge, så han ringte politiet.

– Dei hadde allereie fått ei melding på hunden, og fekk nok ein telefon medan dei var på Amfisenteret. Då spreidde hunden frykt i eit bustadområde i nærleiken.

– Vi fekk nokre meldingar på ein laus hund i går. Hunden blei tatt hand om av eigar, opplyser politioverbetjent Terje Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.