Kultur | 08. juni 2015

Multikunstnar på sommarrevy i Sunnhordland

Han kan synga, han kan dansa – og no er Eirik Søfteland så ettertrakta som skodespelar at han blir henta med helikopter.

Multikunstnar på sommarrevy i Sunnhordland
Eirik Søfteland blei laurdag henta med helikopter på brannstasjonen på Moberg - for å rekka revy på Husnes. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. juni 2015 11:18

Såg du eit sivilt helikopter landa på brannstasjonen på Moberg laurdag ettermiddag? Det var verken snakk om skadde folk på Liafjellet eller henting av pasient – men eit lite nødstilfelle likevel.

– Eg hadde vore på to private oppdrag i Bergen og Os og hadde kome ein halvtime for seint om eg skulle ta ferje og bil til Husnes, fortel Eirik Søfteland.

– Eg måtte ringa til Gjøsund og be om landingsløyve. Brannsjefen sa heldigvis ja, ler Eirik.

Det er ikkje første gong han blir frakta med helikopter for å rekka alt han seier ja til, i 2013 blei det tur-retur Søfteland Rock N LOL-Nesbyen. Men det er første gong han er del av ei revysatsing som denne.

Musikaren og Skal vi danse-vinnaren er nemleg del av ein svært populær sommarrevy i Sunnhordland, der han også får prøva seg som skodespelar.

«Hysterisk premiere»

Det var litt tilfeldig at Eirik hamna i kontakt med Karianne Solheim og Nils Trygve Markhus frå revymiljøet i Sunnhordland.

– Kjærasten min Mia og mora Duddun er gode venar med Karianne frå før. Det var rett før jul at dei spurde om eg kunne tenka meg å vera med på revy.

Eirik fortel at både Karianne og Nils Trygve er flinke å synga frå før, at det blir mykje song i revyen, men han får også prøva seg som skodespelar.

«Då Eirik Søfteland spelte ivrig danseinstruktør så responderte publikum med velfortent latter og jubel», skriv Kvinnheringen etter den hysteriske premieren.

Skal vidare til Rosendal

Premieredagen 23. mai blei det ekstranummer. Sidan har det vore show helg etter helg i Husnes.

– Vi held fram til siste helga i juni, i alt 12 show. Sunnhordland har tydelegvis ein veldig god revytradisjon og eit fantastisk publikum.

– Kvart show blir avslutta med at alle står på bordet og syng allsang. I ein time!

Dei to siste helgene blir revyen spelt i Rosendal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.