Lokal | 01. mars 2020

Korona: – Munnbind er ikkje ønskjeleg, men ha låg terskel for å senda sjuke born heim

Bjørnafjorden kommune går ut med råd til foreldre, skular og barnehagar.

Korona: – Munnbind er ikkje ønskjeleg, men ha låg terskel for å senda sjuke born heim
Bjørnafjorden rådhus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mars 2020 20:25

Bjørnafjorden kommune følgjer råd frå nasjonale styresmakter om koronavirus.

– Det betyr at barnehagar og skular skal haldast opne, skriv kommunedirektør Christian F. Fotland i ei pressemelding i kveld.

Bjørnafjorden kommune har avtale med Bergen kommune og bruker dei same råda og rutinane til barnehagar og skular for å handtera situasjonen med koronavirus.

– Vi ber om at personalet på alle våre skular og barnehagar vert gjort kjent med rutinane.

Forebyggande rutinar:

  • Snakk med borna om sjukdom og hygiene. Mange born kan bli redde når dei høyrer om koronavirus, og det er viktig at ungane får faktabasert kunnskap om sjukdomen.
  • I informasjonen til borna kan det fremhevast at dei aller fleste som blir smitta av koronavirus ikkje blir alvorleg sjuke.
  • Gi borna informasjon om god handhygiene. Minn særleg borna om at dei må vaska hendene før dei spiser, og at dei bør unngå å ta seg til munnen, nesa og augene med uvaska hender når dei er ute blant folk.
  • Hugs òg at mobiltelefon kan vera ei smittekjelde.
  • Minn ungane på at hoste og nysing skal sje i olbogekroken.

Handtering av sjukdom:

  • Ha låg terskel for å senda sjuke born heim frå barnehage og skule.
  • Foreldre bør oppfordrast til å halda ungane heime ved sjukdom for å hindra smitte. Ved mistanke om koronavirus bør barnet haldast heime i 14 dagar, eller så lenge legen anbefaler.
  • Vi anbefaler ikkje at born bruker munnbind. Feilbruk skjer ofte, og personar som bruker munnbind tar seg oftare til ansiktet, noko som kan auka smittefaren.
  • Dersom born møter opp med munnbind, bør foreldra kontaktast og informerast om at dette ikkje er naudsynt eller ønska.

Aktivitetar i barnehage og på skule:

  • Barnehagar og skular kan ha aktivitet som normalt, men i periodar med mykje smitte kan det vera lurt å tenkja gjennom om det er mogleg å unngå aktivitetar som medfører unødig mykje nærkontakt.
  • Store born kan oppfordrast å unngå nærkontakt i form av klemming.

Tilrettelegging i bygget:

  • For å redusera smittespreiing blir det anbefalt styrka reinhald der borna oppheld seg mykje.
  • Sørg for spritdispensarar dersom det ikkje er tilgang til såpe og vatn. Det kan òg hengast opp plakatar som minner ungane på å vaska hendene.

Informasjon til foreldre/føresette:

Alle barnehagar og skular blir oppfordra til å ha god dialog med foreldre/føresette. Det vil bli laga eit felles informasjonsbrev som blir formidla til barnehagane og skulane måndag 2. mars innan kl. 12.00

Meir informasjon finn du på folkehelseinstituttet sine nettsider. Råd som gjeld vår kommune spesielt finn du på www.bjornafjorden.kommune.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.