Lokal | 23. jan. 2019

Musikalsk fyrverkeri med Os Musikkforening

På søndag skal det nye året feirast på musikalsk vis i Tunet.

Musikalsk fyrverkeri med Os Musikkforening
Desse unge solistane vil du få høyra i Tunet på søndag når Os Musikkforening inviterer til Nyttårskonsert. (Foto: privat)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 23. jan. 2019 07:53

Kjersti Aak Garlid frå Os Musikkforening fortel at fleire unge talent vil få prega konserten i Tunet kyrkje- og kultursenter;

– Vi har medlemmer som òg spelar i Os skulekorps. Fleire av desse skal vera solistar på søndag. Dei held alle eit svært høgt nivå, og er blant dei beste i landet i si aldersgruppe.

– Mellom anna vil publikum få høyra ein virtuos klarinett-duett med Kamilla og Regine, ein trombonekonsert med Emma, nydeleg obosolo av Thomas og ein hurtig trompet-trio med Vibeke, Åshild og Ragnhild Kristine. Kamilla og Thomas kom nyleg heim frå Ungdommens Musikk Mesterskap (UMM) i Oslo med særs gode resultat.

Gjester frå Bergen

Til konserten på søndag har Os Musikkforening invitert Krohnengen Old Stars (KOS)

Garlid fortel at KOS er eit brassband som består av tidlegare medlemmer og andre med hjarte for Krohnengen Brass Band. KOS er nett no i oppkøyringa til NM-Brass som skal vera i Grieghallen 8. og 9.februar. Dei gler seg til å spela NM- stykket sitt for publikum i Os. Dirigent her er Øyvind Raknes Nikolaisen

Os Musikkforening vert leia av dirigent, Magnus Brandseth, mangeårig tubaist i Eikanger-Bjørsvik og kjent frå NRK-serien «Korpsfiksert».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.