KORPS

Musikalsk jubileum i Oseana

Sjå video og bilde frå jubileumskonserten til Os skulekorps på sundag. 

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Tekst, foto og video: Lilly-Mae Grønvigh

I år er det 60 år sidan Os skulekorps blei stifta. Dette ble feira med storslått jubileumskonsert i Oseana søndag kveld.

Det heile starta i 1959, med dirigent Ivar Tvedt i spissen. I løpet av et par tiår hadde Os skulekorps utvikla seg til å bli eit korps med over 90 musikantar.

I 1979 starta Kuventræ skulekorps, same året som skulen blei opna. Lars Skorpen starta korpset og var dirigent i fleire år. 

I 1984 slo Os skulekorps og Kuventræ skulekorps seg saman og blei Os & Kuventræ skulekorps. Denne samanslåinga varte fram til 2014, då dei skifta namen tilbake til Os skulekorps.

Musikalsk minnebok

Korpset feira sine 60 år med musikk frå kvart tiår. Både lokal og internasjonal musikk vart fremført. Korpset spelte «Ved Nesland Kyrkje» av Henrik Lyssand, arrangert av Karl Ole Midtbø. Datter til Midtbø, Ragnhild Kristine Midtbø, var solist på kornett.

Både nye og meir erfarne musikantar fekk vist seg fram på scenen. Konserten åpna med eit stykke framført av aspirantane, og deretter saman med hovudkorpset.

Seinare framførte juniorkorpset 4 stykke, blant anna musikken frå sci-fi klassikeren «Star Wars». Det vart også gjesteinnslag frå Os Musikkforening, som framførte fire stykke.

Humor

Det var rom for komedie og latter undervegs i konserten. Under eit omrigg vart det stand-up show med Joakim Olsen, som spelar trombone i korpset. 

Noko han synest at korpset var dårlige på, var turar. Olsen vitsa om forseinka fly, omkøyringar og luftmadrasser.

– Ein ting er sikkert, er at når eg får barn, så får dei ikkje vera med på tur - du veit aldri når dei kjem seg avgarde, og du vet aldri kor tid dei kjem seg heim att, vitsa Olsen frå scenen.

Saman om korps

Eit av kveldens høgdepunkt var framføringa av jubileumsverket. Verket, som heiter «Sam-Funn» var arrangert av Jone Kuven. 

Kuven er tidlegare medlem av korpset og no student på Griegakademiet. 

– For at vi skal ha det bra, så må vi finna saman. Og korps, det er ei av de beste arenaane å finna saman når man er ung, sa Kuven. 

Fleire saker