Musikalsk opptur i halvfull sal
Publikum svikta på Nore Neset, men stemninga var god i salen.
– Dette måtte vi få med oss! Vi kom tidleg så vi fekk oss eit bord, seier Tom Olsen.
Dørene opna klokka 18.30. Arrangørane venta frå klokka 20 til 20.40 med å sleppa første band på scenen. Då var det rundt 40 gjestar i salen. Saman med 40-45 vaktar og frivillige.
Vivillain, som òg spelte fredagen under årets Osfest, består av unge musikarar frå Samnanger, Arna, Bergen vest og Sotra. Dei spelte som om det var fleire tusen i salen.
– Dette er den fjerde spelejobben vår i romjula. Vi har òg vore på Osøterøy, Stord og Bømlo. Stord var knallbra! fortel dei etter å ha rocka flettene av dei første gjestane i salen.
Bandet har gjeve ut fire låtar. PÅ scenen supplerte dei med «Free Fallin» og «Born to be Wild». I slutten av januar kjem nok ein låt, mens i mars kjem både EP og releasekonsert i Bergen.
– Vi har fått oss festivaljobb til sommaren, Samnanger Kraft. Også då skal vi dela scene med «This was my life».
Dans og allsong
Då Kim Larsen-tributebandet entra scenen blei dei mottatt med jubel frå ei større publikumsmengd.
Bandet starta roleg, og praten gjekk mellom drygt 200 publikummarar.
På «Livet er langt, lykken er kort» blei det allsong, bandet avslutta med «Midt om natten». Det blei ikkje noko ekstranummer sjølv om stemninga var god.
Bighorn Butterboys fekk eit ferdigoppvarma publikum, og opningslåten «Wicked Game» i hillbillieversjon lokka alle mann til dansegolvet.
Der blei dei verande.
Halverte besøkstalet frå i fjor
Arrangørane, Os Live, hadde håpa at Lille Nyttårsaften-arrangementet skulle løfta resultatet etter svake besøkstal under Osfest. Sånn gjekk det ikkje.
Rekorden på 634 frå i fjor var eit stykke unna, men arrangørane passerte truleg 250 selte billettar.
– Det er nokre faste kostnadar, vi slurvar ikkje med scenen, tryggleiken eller kapasiteten i baren, seier Tor Egil Hylland.
– Eg veit ikkje kvifor vi ikkje har selt betre i år, men vi burde hatt minst hundre til i salen.
– Kva får det å seia med svakt resultat i kveld?
– Vi opplever osingane som eit vanskeleg publikum, så vi får sjå.
Det er allereie bestemt at neste Osfest ikkje blir i Os, i utgangspunktet av tekniske årsaker.