Kultur | 21. apr. 2018

Musikalsk TVNOR og ne

Bildeserie: Gode songprestasjonar løfter årets revy frå Nor & Ne.

Musikalsk TVNOR og ne
Madcon testa scena på Nore Neset før dei kjem til Osfest i sommar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 21. apr. 2018 08:04

Bildeserie:

1 av 12

Fredag kveld var det premiere på den ellevte revyen frå Nor og Ne. For trekvart full sal gjorde skodespelarane det dei kunne for å få eit relativt treigt publikum med seg på lått og løye med lokale, nasjonale og internasjonale stjerner.

For dei får gjennomgå alle, frå Steinar Lyssand og Dag Bergesen som nyttar kvar ein helligdag til å laga eitt eller anna bluesarrangement på Peppes, ordførar Marie Bruarøy og ikkje minst varaordførar Laila Marie Reiertsen som så presist seier;

– Det er vi to som er ordførar i Os.

Tove Tvedt Skarstein sine gjentakande opphørssal og Eirik Søfteland sine like gjentakande deltaking i ymse TV-program får også gjennomgå.

Jorunn Moberg frå Os gravferdbyrå i Jan Helge Corneliussen sin skikkelse er tilbake for tredje året og forklarar greitt at det er ho som lagar liv på øyro.

– Det er jo berre når eg har arrangement at det er parkeringskaos på Øyro...

Giske og Skei Grande

At #metoo har satt sine spor på nasjonalt nivå er det liten tvil om at revygjengen har fått med seg, både Trond Giske og ikkje minst Trine Skei Grande dukkar opp i TV-ruta i Symrasalen. Blant anna får vi endeleg forklaringa på korleis mystiske kornsirklar blir laga...

Heller ikkje tidlegare justisminister Sylvi Listhaug slepp unna som skrekkens eksempel.

Personleg tykkjer vi revyen gjerne kunne vore skarpare mot dei lokale kjendisane og i staden via dei nasjonale skikkelsane litt mindre merksemd. Det blei litt mykje Trine Skei Grande.

Songane løfter revyen

Nokre av sketsjane kunne nok med fordel vore trimma enno litt meir, men det blir veid opp av songane, som det er relativt mange av.

Stine Fristad, Linda Nytræ, Robert Haugetun og Pål Heimtoft viser alle at dei er habile og dyktige songarar.

Vi lot oss spesielt imponera av Robert sin hyllest til baren på Solstrand, kor han i tillegg viste at han kan traktera munnspelet.

Revyen blir spelt igjen i kveld, før det er to nye sjansar neste helg.

På scenen i år finn ein Susan Askvik, Jan Helge Corneliussen, Robert Haugetun, Pål Heimtoft, Stine Fristad og Linda Nytræ godt backa av bandet med Espen Bakketeig, Inge Johannes Bergheim og Olav Skorpen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.