Musikk for hausttida
Sundag kveld kjem sopranen Liv Elise Nordskog for å halda haustkonsert i Nore Neset kyrkje.


Requiem
- musikk for hausttida
Sundag 25. oktober kl. 19.00 er det konsert i Nore Neset kyrkje. Sopranen Liv Elise Nordskog, som har base i Bergen, besøker Os med eit program samansett særskilt med tanke på hausttida og siste delen av kyrkjeåret.
Dei tre søndagane Bots- og bededag, Helgemesse og Domssøndagen legg ramma for dei siste vekene før advent, og temaet kan samanfattast som oppgjer med eige liv og møte med Gud etter døden.
I kyrkjemusikken er dette den klassiske tida for å framføre eit requiem. I sundagens konsert får vi høyre satsar frå Gabriel Faurés, Maurice Duruflés og Frank Martins requiem-messer, i tillegg til musikk av bl.a. Bach, Saint-Saëns og Hugo Distler.
Liv Elise Nordskog er ein av dei mest respekterte kvinnelige songarane på vestlandet og ho har fått mykje merksemd for arbeidet sitt, særleg med musikk fra det 20. århundre. Ho vert akkompagnert på orgel av Tore Hegdahl. Han har vore organist i Os dei siste ti åra. Dette året har han studiepermisjon, men kjem altså på snarvisitt med denne konserten.
Os kyrkjekontor