Musikk, mat og litteratur
Det nærmar seg WT Litteraturfestival og torsdag blir det vorspiel, eller "kosekveld" som arrangørane kallar det, på Kafé Engeline.
For rundt eit år sidan bestemte gutane som i si tid etablerte filmfestivalen i Os seg for å satsa på tilsvarande festival innan litteratur.
I løpet av vinteren blei dei første skissene lagt og no nærmar det seg festivalstart.
– Som ei lita oppvarming til festivalen vil vi invitera til kosekveld med presentasjon av programmet, besøk av forfattarar og litt mat og musikk, fortel Frode Sirevåg.
Dei lokale forfattarane Sølvi Bugge og Fredrik Smith Fotland les frå bøkene sine, Norvald Kobbeltvedt speler og syng.
– I tillegg får vi ein førpremiere på gourmetkonseptet til Engeline, kokkane frå Restaurant Engeline er på plass og byr på delikatesser utanom det vanlege, fortel Sirevåg.
Mangfaldig program
WT Litteraturfestival startar torsdag 8. november og held fram med ulike arrangement i Oseana, Os Folkebibliotek og Solbakkestova fram til og med søndag 11. november.
Programmet spenner frå foredrag og høgtlesing til bokbad, skrivekurs og konsertar - Ingrid Berglund, Kristine Tofte, Frode Grytten og Gunnar Staalesen er blant gjestane.
Fredag kveld blir det spektakulært møte mellom Frode Gryttens Beat Band og Gunnar Staalesens Vargtime, laurdag er det litteraturgalla med prisutdeling og konsert med ORBO & The Longshots.
Kosekvelden torsdag er gratis og startar klokka 19.
Du kan lesa meir om festivalen på wt-festivalen.no.