Lokal | 15. des. 2010

Mva-uro om Oseana

Opposisjonen ved Eirik Neverdal (TvS) stilte fleire spørsmål om uvisse kring 39 Oseana-millionar. (Retta)

Mva-uro om Oseana
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. des. 2010 12:58

Om rettinga: I avsnittet «Nytt regelverk» skreiv vi først at Os kommune har sendt brev til finansdepartementet, det har dei ikkje. Men dei ventar på prinsipiell avklaring.

Då eit samrøystes kommunestyre i desember 2008 gjekk inn for å starta bygginga av kunst- og kultursenteret Oseana sto det i saksframlegget at ein kunne sjå vekk frå meirverdiavgifta.

Meirverdiavgifta utgjer 39,3 millionar kroner.

«Tiltaket vil få momsrefusjon i tråd med momskompensasjonsordninga i kommunal sektor.»

Men i eit uformelt arbeidsmøte om budsjettet 16. november blei det frå rådmannen si side opplyst om at det er knytt noko uvisse til denne refusjonsordninga.

Det fekk opposisjonen ved Eirik Neverdal til å retta kritiske spørsmål til Søviknes i gårsdagens politiske kvarter i formannskapsmøte.

- Kor lenge har du visst dette?
Eirik Neverdal peika på at eit eventuell bortfall av desse 39 millionane vil skapa eit kjempeproblem i tillegg til dei finansieringsproblema kommunen allereie slit med i dette prosjektet.

- Kva blei gjort av undersøkingar på førehand sidan det blei sagt så sikkert at refusjon ville koma? Kor lenge har ordføraren vore kjent med denne problemstillinga? Korleis skal byggekomiteen forholda seg til denne problemstillinga i tida som kjem? var spørsmåla Neverdal kom med.

Nytt regelverk (retta)
Søviknes svarte at dei i 2008 henta inn juridisk vurdering frå advokatfirmaet Wilberg & Akerhaug DA, som konkluderte med at Oseana uansett ville få tilbake meirverdiavgifta på investeringa, anten gjennom momskompensasjonsordninga eller gjennom friviljug registrering som avgiftspliktig verksemd knytta til utleige.

Endringa det er snakk om blei vedtatt i finansdepartementet i 2008 etter klage frå ETA og påverkar refusjon for anlegg som heilt eller delvis har ei sånn type drift at den er meir enn ei kommunal teneste til innbyggarane.

- I ettertid av dette vedtaket har det vore stilt spørsmål ved refusjon knytt til fleire Oseana-liknande prosjekt, som Kilden i Kristiansand og nye Stavanger Kulturhus.

- No ventar vi på prinsipiell avklaring på desse spørsmåla rundt mva-refusjon på alle kultur- og idrettsanlegg. Vi har førebels ikkje fått svar, men vi ventar svar før nyttår, sa Søviknes

- Burde blitt varsla tidlegare
Etter møtet sa Neverdal at han ikkje var heilt nøgd med svaret.

- Det ser ut til å ha vore snakk om denne regelendringa i god tid før saksframlegget blei utgreia og vi i desember stemte for. Eg tviler på at ikkje dei som sjekka dette for Os kommune ikkje har visst om risikoen tidlegare.

Tysdag ettermiddag hadde Neverdal sjekka dette med tidpunktet for regelendringa nærmare. ESA-saken skal ha gått i mai 2007, i juni same år skal finaregjeringea ha varsla at dei kom til å retta seg etter kravet om endring av kompensasjonsordninga.

- Dessutan meiner eg at noko så alvorleg som uviss kring 39 millionar kroner bør rapporterast til formannskapet, ikkje nemnast på eit uformelt arbeidsmøte.

- Kreativ rapportering
Det andre spørsmålet opposisjonen stilte handla om rapportering og bruk av feil sum som kostnadsramme for Oseana.

I forkant av vedtaket i desember 2008 blei kostnadsramma redusert frå kalkulert 158,7 millionar kroner til 144 millionar kroner. Men i formannskapet 19. oktober i år blei det rapportert om overskriding på 12,7 millionar kroner ut frå ei kostnadsramme på 158,7 millionar kroner.

- Det burde stått at dette var kostnadskalkyle, ikkje kostnadsramme, vedgjekk Søviknes.

- Ordføraren, som elles er så nøye med å halda seg til kva som er vedtatt, burde klart det også i denne runden. Dette kallar eg kreativ rapportering, overskridinga er jo 27,4 millionar kroner i forhold til kostnadsramma, ikkje 12,7 millionar, slik det står i rapporten, seier Neverdal.

Arg på Aspenes
Etter spørsmåla til Neverdal kom ein replikk frå Espen Aspenes (Frp) som TvS-leiaren sette lite pris på.

- Eg synes nesten at det er litt morosamt at opposisjonen i så mange samanhengar vil presisera at dei i utgangspunktet ville venta til fullfinansiering var på plass før dei gjekk for byggestart. Opposisjonen hadde sin sjanse til å seia nei, då synes eg at dei skal stå for vedtaket sitt, sa Aspenes.

- No reagerer eg kraftig, dette synes eg er frekt og å setja debatten over i eit usympatisk spor! svarde Neverdal.

- Det er vår plikt som folkevalte tillitsmenn å reagera og stilla spørsmål når det dukkar så alvorlege ting opp, også når vi er midt i prosessen.

Anonym administrasjon?
Norvald Skåtøy (Ap) spurte kvifor spørsmåla frå Neverdal, og spørsmål i ein del andre samanhengar, ofte blei svart på av ordføraren, når dei var i ein kategori innanfor administrasjonen sitt område.

Fleire peika på at spørsmåla i denne omgangen blei retta til ordføraren, og at han derfor var den som gav svar.

- Ordføraren er også ein som ikkje akkurat ligg på latsida når det gjeld Oseana, så det er heilt naturleg at ein som er så tett på saka svarer på spørsmåla, sa kommunaldirektør Karl Ole Midtbø.

- Men eg noterer meg innspelet, la han til.

Rådmann Knut Terje Rekve, som Skåtøy i utgangspunktet retta kommentaren mot, kom med eit liknande svar.

- Det er greit i denne samanhengen, men generelt synes eg at administrasjonen oftare bør svara når det er spørsmål som handlar om deira fagområde, sa Skåtøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.