Kultur | 20. feb. 2016

My name is Luka - eg kjem på Osfest!

Osfest slepp nok eit namn - amerikanske Suzanne Vega kjem til Os denne sommaren!

My name is Luka - eg kjem på Osfest!
Suzanne Vega kjem til Osfest (foto: suzannevega.com)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. feb. 2016 09:00

– Vi er stolte over å kunna presentera Suzanne Vega til Osfest 2016, seier bookingsjef Ole Reinert Berg-Olsen.

– Vega er den kulaste dama i showbiz og har vore ein låtskrivar av internasjonal i årevis. Hennar mest kjente låt, «Luka», er elska av mange og kjent av alle.

Suzanne Vega blei fødd i Santa Monica i California i 1959, men flytta til New York som eittåring. Her studerte ho moderne dans ved New York City High School of the Performing Arts (skulen frå musikalen «Fame»).

Debutalbumet kom i 1985 og selte til platina, oppfølgjaren Solitude Standing, som inkuderer megahiten «Luka», selte over éin million eksemplar. Luka hamna på 3. plass på Billboard og Vega blei nominert til Grammy Awards 1988 både innan Record of the Year, Song of the Year og Best Female Pop Vocal.

Hennar ferskaste album kom i 2014 og heiter «Tales from the Realm of the Queen of Pentacles».

I april speler Vega i Mexico, Argentina og USA, i juli speler ho konsertar og festivalar i Tyskland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.