For mykje bark - for lite bremsar
Statens vegvesen gav fleire bruksforbod i Os i dag.
Statens vegvesen hatt to kontrollar på E39 i Os i dag, den eine på Halhjem ferjekai, den andre på Hjellemarka kontrollplass.
– På Halhjem stoppa vi eit vogntog i ein rutinekontroll. Det viste seg at det var lekkasje i bremsesystemet (bremseklokka), skriv John Kåre Larsen i rapporten.
Vogntoget fekk bruksforbod og blei sendt direkte til verkstad med pålegg om utbetring.
To andre bruksforbod blei skrive ut grunna dårleg sikra last.
– Den eine var ein personbil som åtte setja frå seg hengaren. Hengaren var lasta til over karmen med bark, og det var fare for at denne skulle ramla av.
Det var 6 køyretøy som fekk mangellapp på defekte lys.
– Vi vil repetera at sjåførane må bli flinkare til å sjekka sine eigne lys.
– Elles var det meste i orden, noko vi seier oss nøgde med.