Sport | 02. juni 2011

Mykje laks i Oselvo

Det står mykje fisk i elveosen og Oselvo er høg. I går starta prøvefiske for å sjå om det er rett sort som er på veg opp.

Mykje laks i Oselvo
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juni 2011 11:48

Bli varsla om nye saker:
Følg Midtsiden på Facebook

Natt til 1. juni har fleire år vore sesongstart for fiske i Oselvo, men i år er starten på elvefisket utsett til 1. juli.

Likevel blei det onsdag 1. juni halt to fiskar på land i sone 2.

– Vi hadde dugnad på tysdag og bestemte oss for å søkja om løyve til å driva prøvefiske. Det er nemleg observert svært mykje fisk under Osbrua, og ein del fisk i elva, og vi vil undersøkja om dette er villaks eller om det er rømt oppdrettsfisk, seier Einar Sørstrønen frå Os Jakt- og Fiskelag.

Ein av kvar

Det blei gjeve ekstraordinært løyve til prøvefiske frå 1. til 5. juni. Onsdag 1. juni blei det tatt to fiskar på land.

– Den eine var ein oppdrettsfisk på 3 kilo, den andre var ein villaks på knappe 3 kilo. Den siste blei sett ut igjen.

Store og små

Fotograf Ole Vidar Søviknes følgjer fisket i Oselvo tett gjennom heile sesongen. På nettsida hans, prohd.no, kan du sjå bilde av gårsdagens fangst.

– Det har vore observert ein del laks under Osbrua frå før 17. mai og fram til no. Storleiken er ganske ulik, noko som er eit godt teikn. I fjor kom det heile flak med laks mellom 5 og 7 kilo, då var det stort sett rømt oppdrettsfisk.

– Lover bra

Oselvo er høg, og blir høgare.

– Det er som ei haustelv. No er det 30 kubikk på Røykenes, så elva skal vaksa framover. Om mesteparten av laksen som står ved Osbrua er villaks så lover dette veldig bra for sesongen, seier Sørstrønen.

Sjå òg:
Midtsiden samleside, tema/tag: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.