Sport | 03. nov. 2012

Mykje speletid på høgt nivå

Dei tre fremste fotballherrane frå Os, som har spelt i Oddsen-ligaen, Superettan og Tippeligaen, har alle hatt ein god sesong.

Mykje speletid på høgt nivå
F.v.: Bjarte Haugsdal, Vegard Leikvoll Moberg (arkivbilde frå 2010) og Mats Cato Moldskred. (Foto: Stabæk, KVB og Stefan H. Tjulander)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 03. nov. 2012 09:42

Medan Os måtte sjå opprykksdraumen til 2. divisjon ryka i haust har dei osingane som har spelt på høgare nivå klart seg bra.

Rett nok må Bjarte Haugsdal (22), som har spelt i Tippeligaen, finna seg i å rykka ned til Adeccoligaen med Stabæk. Men for Haugsdal som spelar har sesongen inkludert mykje speletid på høgaste nivå, og fleire skåringar.

– Siste halvår har vore veldig kjekt. Eg har spelt kvar kamp sidan sommarpausen, seier Bjarte.

– Det er klart det er kjipt å rykka ned, men eg er nøgd med å ha fått så mykje fartstid i Tippeligaen.

Bjarte og Stabæk har tre kampar igjen, søndag mot Lillestrøm borte, så ventar heimekamp mot Sogndal og bortekamp mot Strømsgodset i serieavslutninga 18. november.

Skåra 5 mål

Nokre nettkjenningar har det også blitt på Bjarte, først mot Strømsgodset 8. juli, så mot Haugesund 26. august og sist var 3-3-skåringan borte mot Molde i kampen som enda 4-3 til Molde. I tillegg skåra han både i cupen og i Europa Cup-kvaliken.

– Vi har spelt bra mot fleire gode lag. Det har vore spesielt kjekt å slå Vålerenga på bortebane og å spela mot Brann, seier spissen frå Os som var nær 2-2-skåring i kampen mot gamleklubben.

Bjarte bur saman med kjærasten på Bekkestua, gåavstand frå Nadderud Stadion. Ved sidan av fotballen studerer han økonomi.

– Eg trivst godt på Bekkestua, det er meir fredeleg her enn nærmare Oslo sentrum, seier Haugsdal. 22-åringen har eitt år igjen av kontrakten, men må nøya seg med Adeccoligaen i 2013.

Midt på tabellen i Sverige

Mats Cato Moldskred (26) gjekk før årets sesong til den svenske Superettan-klubben IK Brage.

Der har den tidlegare Bryne- og Løv-Ham-spelaren fått mykje fartstid på banen.

– Eg har hatt karantene i eit par kampar grunna gule kort, elles har eg spelt i alle, og 23 eller 24 av 30 har vore frå start. Eg har heldt meg skadefri og er nøgd med speletid og eigne prestasjonar, bortsett frå at eg gjerne skulle ha skåra meir enn dei to måla det har blitt til no.

IK Brage ligg på 8. plass på tabellen før siste seriekamp laurdag 3. november.

– Vinn vi den blir det 7. plass og øvste del av tabellen, som var målet med sesongen.

Mats Cato, som har to år igjen av kontrakten, seier han trivst i Borlänge, men at han ser fram til heimreise til Os, deltaking i MidtsidenCup og ferie på Filippinene før oppkjøringa til 2013 startar.

Nær opprykk til Adeccoligaen

Vegard Leikvoll Moberg (21) var toppskårar for Os (12 mål) då dei rykte ned frå 2. divisjon i 2010. Så gjekk han til Åsane, som i år landa på 3. plass på tabellen i Oddsen-ligaen (2. divisjon).

– Vi leia avdelinga til sommaren og hadde tru på opprykk. Men nokre rundar ut i haust så såg det verre ut, heldigvis vann vi dei tre siste kampane og sikra 3. plassen, seier Vegard, som bur i Bergen og studerer marknadsføring.

Vegard har stort sett spelt sentral midtbane, men han har også fungert som midtstoppar i enkelte kampar. Han rakk å skåra to mål før han i sommar fekk kyssesjuka og måtte stå over haustsesongen.

– Eg har akkurat blitt frisk igjen og eg merker heldigvis at formen kjem raskt tilbake.

"Leik" teikna på seinsommaren ny kontrakt med Åsane og blir verande i oransje drakt.

Fana nær nedrykk

• Åsane spelte i 2. divisjon avdeling 3, ei avdeling Vard Haugesund vann og rykker opp, Flekkerøy tok 2. plassen. Nest-Sotra kom på 4. plass, Jerv, Mandalskameratane og Randaberg rykte ned.

• I avdeling 2 var Kristiansund best. Her kom Fyllingsdalen (eks Løv-Ham + Fyllingen) på 3. plass og Fana på 11. plass, 4 poeng frå nedrykk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.