Lokal | 07. jan. 2017

Nådde ikkje heilt opp

Det blei ikkje gull på Lysefjorden Mikrobryggeri under «Det norske måltid», men to ganger i finalen på to år står det respekt av.

Nådde ikkje heilt opp
Vestlandskyss og Vestlandsfriar er to øl frå Lysefjorden Mikrobryggeri som står godt i lag
Andris Hamrelaurdag 07. jan. 2017 14:23

Fredag kveld blei «Det norske måltid» arrangert i Stavanger med kåringar innan ei rekkje kategoriar som «Årets godbit», «Årets kjøtt», «Årets ost» og «Årets tradisjonsøl».

I den siste kategorien var Lysefjorden mikrobryggeri sin bringebær saison «Vestlandskyss» ein av dei tre finalistane i skarp konkurranse med Nøgne Ø sin «Norsk Høst» og «Okkelberg» frå Stjørdals Bryggeriet.

Berre det å ta seg til finalen er ein stor prestasjon, noko som ikkje blir mindre av at Lysefjorden Mikrobryggeri også i fjor var i finalen, då med «Slaget på Vågen»

– Det er sjølvsagt veldig stort for oss, sa Camilla Brekke Dalland til Midtsiden då det i september blei klart at Lysefjorden Mikrobryggeri også i år var i finalen.

Unikt øl vann

Det heldt ikkje heilt inn for Lysefjorden Mikrobryggeri som måtte sjå seg slått av Nøgne Ø Det kompromissløse Bryggeriet AS, som vann med «Norsk høst».

– Vinnerølet er et uklart øl med delikat farge, en fruktig nese og god konsentrasjon i smaksbildet, kombinert med en kremet og frisk munnfølelse. Produsenten har siden oppstarten vært med å på å sette Norge på ølkartet og har vært en viktig driver i håndverksølutviklingen i Norge. Selv om Norge har svært lange bryggetradisjoner, er vinnerølet et sjeldent produkt, i ordenes rette betydning, siden dette er et øl som utelukkende er brygget på norske råvarer, skriv juryen i si uttale.

«Det Norske Måltid» er ei kåring av dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg og har som formål å synleggjera bredden av landets mat- og drikkeproduksjon og dei unike råvarene som blir produsert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.