Sport | 31. juli 2009

Nådelaus mot Fana

Os er i kvartfinale i Norway Cup etter å ha audmjuka serieleiar Fana.

Nådelaus mot Fana
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. juli 2009 08:42

- Eg trur ikkje Fana veit kva som trefte dei, seier juniortrenar Øyvind Steffensen i lykkerus.

- Det var ein utruleg fotballkamp, for ein utruleg gjeng med spelarar dette er, legg han til.

Os slo Fana 4-0 i 8-delsfinalen i A-sluttspelet i Norway Cup fredag morgon.

2-0 til pause
Den første skåringa kom etter innlegg frå Erik Kanestrøm, som nyleg blei tatt opp i A-stallen til Os. Fana prøvde å klarera, men Ramo tverrvendte og banka inn 1-0.

- Etter litt klabb og babb i feltet hamna ballen hos Kanestrøm, som såg at keeper var ute, og sendte ein fin lobb over og i mål.

Avslutta med 10 mann
Ramo skåra også 3-0-målet. Så spelte Martin Eidsvik gjennom Preben Borgen, men Preben blei tatt og Os fekk straffe.

Vegard Leikvoll Moberg gjorde som han plar gjera, skåra på straffe.

- Vi hadde så god kontroll at vi tok ut spelarar for å kvila dei til kvartfinalen. Vi avslutta med 10 mann på banen, og då hadde vi keeper Even Bjoarvik som spiss.

Klokka 14.45 blir det kvartfinale mot SEFA Abidjan, som slo Sandviken 4-2 i 8-delsfinalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.