Askeladden | 23. des. 2008
Nær avgjerd
Askeladden får truleg ny eigar om kort tid, men ikkje før jul.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. des. 2008 11:37
Konsernsjef hos Johs Lunde Marine Group AS, Roger Simmenes, sa til Båtliv at han håpa på ei avgjerd før jul. Lunde-gruppa er blant dei som er interesserte i konkursbuet etter Henrik J. Askviks Sønner AS.
- Det blir ikkje skrive kontrakt før etter nyttår, truleg i veke 2 neste år, seier advokat Arne Laastad til Midtsiden.no i dag. Det blir altså ikkje ei avgjerd før i 2009, på kven som blir ny eigar av Askeladden-fabrikken og det store varelageret.