Lokal | 30. sep. 2016

Nær dobbelhavari ved Halhjem ferjekai

Ei eldre skøyte som tar inn vatn hadde ein nyare cabincruiser fortøydd på utsida før brannvesenet rykte ut på lenseoppdrag.

Nær dobbelhavari ved Halhjem ferjekai
Meldar frykta at skøyta skulle ta med seg ein stor cabincruiser som låg fortøydd på utsida. Brannvesenet driv no og lensar båten. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. sep. 2016 12:35

Fredag ettermiddag fekk Os brannvesen melding om ei skøyte som tar inn vatn. Båten er fortøydd ved Halhjem ferjekai.

– Vi fekk òg tips om at ein stor og dyr cabincruiser låg fortøydd på utsida, og meldar var redd for at skøyta skulle ta med seg denne på veg ned, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Brannvesenet fekk tak i eigar av den nyare båten. Eigar av skøyta som tar inn vatn har dei førebels ikkje fått tak i.

– Vegvesenet, som er grunneigar, skal prøva å få tak i vedkomande. Han kjem frå Samnanger og denne skøyta har lagt her etter at Redningsselskapet henta den inn då den låg på rek i fjorden.

Lensinga pågår framleis. Det er òg lagt ut lenser i sjøen då det er noko shine frå oljesøl i overflata.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.