Sport | 24. mars 2014

Nær fullteikna

Rekordpåmelding til jentefotballdagen. 225 av 250 plassar riven vekke på under ei veke.

Nær fullteikna
Det var mange ivrige fotballjenter på Kuventræ i fjor vår. Det blir like mange i år (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 24. mars 2014 14:29

I fjor vår gjekk dei sju fotballklubbane i Os kommune saman om å arrangera den første jentefotballdagen. Det blei ein sukess med 250 ivrige fotballjenter samla på Kuventræ ein heil dag.

Laurdag 26. april er det klart for nye spark på Kuventræ, og allereie byrjar det å bli fullt.

– I fjor tikka påmeldingane inn jamnt og trutt heilt fram til dagen.

– No er allereie 225 av dei 250 plassane riven vekk, og det berre i løpet av ei lita veke, strålar Eirik André Hesthamar frå Øyglimt IL.

Frå 6 til 10 år

Arrangørane har, som i fjor satt eit tak på 250 deltakarar.

– Det er viktigare for oss å ta vare på kvar einskild spelar enn det er å setta rekord.

– Jenter i 1. - 4. klasse, pluss dei eldste i barnehagane fekk invitasjonen i ranselpost i løpet av forrige veke.

– At så mange har meldt seg på allereie er vi sjølvsagt veldig nøgde med.

38% foreldre har meldt seg

Arrangørstaben frå dei sju deltakande klubbane er den same som i fjor.

– Dei tykte alle det var så kjekt at dei hadde lyst til å vera med eitt år til.

– I tillegg har vi i påmeldingsskjema laga eit felt kor dei foresatte kan melda seg til teneste for å hjelpe til.

– For heile 38% av dei påmeldte har vaksne meldt seg.

– Det er berre heilt fantastisk og over all forventning.

– Det syner berre at det er mange der ute som vil bidra. Det handlar berre om å få tak i dei, smiler Hesthamar.

Gjev rekruttering

Ein ting er arrangørane sikre på. Jentefotballdagen er med på å sikra rekrutteringa.

– 39% av dei som har meldt seg på er namn vi ikkje kjenner frå før og som ikkje er aktive fotballspelarar.

– Det betyr at det er eit kjempepotensiale for å rekruttera nye spelarar.

– Vi har freista å telje opp frå i fjor kor mange nye spelarar som kom til på dei forskjellige laga etter arrangementet.

– Tala er litt usikre, men det har vel vore antyda vel 20 nye spelarar.

Eigen serie

I tillegg til å arrangera jentefotballdagen har gruppa jobba inn i mot fotballkretsen for å få til ein eigen serie i Bjørnefjordregionen for jentene, på same måte som gutane har hatt det i fleire år.

– Det har vi fått til.

– I sommar skal jentene på laga frå Os møtast i ein lokal serie saman med lag frå Fusa.

– Det trur eg kan vera med på å styrka jentefotballen i regionen og skapa solide rammer og vekstvilkår, avsluttar Eirik André Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.