Sport | 07. nov. 2013

Nær ny tilsetjing på Kuventræ

I forhandlingar med to trenarar. Tre spelarar på veg for prøvespel. Treningsleir bestilt.

Nær ny tilsetjing på Kuventræ
Dagleg leiar for fotball- og handballgruppa, Leif Idar Røen, dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält og styreleiar i fotballgruppa, Knut Haddal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. nov. 2013 20:36

– Vi treng ro, tillit og tålmod. Når vi seier at vi jobbar med saka så jobbar vi med saka, seier formann i Os Turn Fotball Knut Haddal.

– Først hadde vi fokus på organisasjon og økonomi, i haust har vi lagt alle klutar til på det sportslege. Både i forhold til å ta vare på breidde og samstundes være tydeleg på at det går an å kombinere dette med satsing frå ein bestemt alder.

Os Turn Fotball hadde ikkje trenarkabalen klar for A-laget då årets serie blei avslutta 19. oktober.

Midtsiden kjenner til at fleire spelarar, og årets trenarar Tore Nielsen og Bjørn Mjelva, sakna informasjon om vegen vidare.

– Det er ein spesiell situasjon å vera i når du jobbar med slike saker. Du kan aldri informera nok til at alle blir nøgd, samtidig er du i ein prosess der du ikkje kan fortelja alt.

Fulltidsstilling for ungdom og A-lag

Fotballgruppa vil ha på plass ein sportsleg koordinator som i tillegg får trenaransvaret forA-laget slik at Os Turn tilbyr ei fulltidsstilling.

– A-lagsstillinga går frå 30 til 40 prosent. Dei resterande 60 skal brukast til å trekka ei raud linje ned til yngste ellervarlag, altså 13-åringane.

– Heile ungdomsgruppa vil få glede og nytte av den nye stillinga, og vi vil kunna ta langt betre vare på heile den store og talentfulle medlemsmassen vår.

To har takka ja

Fleire namn har vore nemnt og Midtsiden har fått signal om at Os Turn har sett etter trenarar med fartstid, anten som trenar, spelar eller begge delar, frå øvste nivå i Noreg og Sverige.

– Vi har vore i tett dialog, og svært nær positiv avgjerd, men av ulike årsaker har vi førebels ikkje landa nokon kontrakt, seier dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.

Men medan Midtsiden sat i intervju med dei tre sjefane på Kuventræ, Knut og Hans saman med Leif Idar Røen, dagleg leiar for fotball og handball i Os Turn, ringte telefonen og ein av kandidatane takka ja til å gå i forhandlingar om jobben.

– Vi har to namn no, og jobbar vidare med begge. Eg håper og trur at vi har ein god mann på plass ganske snart.

Tre som hjelper til

Medan A-laget, som snart er ferdig med pausen etter serieslutt, er utan trenar, har Os Turn fått på plass eit sportsleg adhocutval til å ta hand om spelarane når dei kjem tilbake frå friperiode.

– Tim Henrik Sperrevik, Einar Nytræ og Bjørn Bakke utgjer førebels den utøvande sportslege leiinga på Kuventræ.

Sperrevik trente A-laget i 2012-sesongen, Nytræ og Bakke gjorde stor suksess med juniorlaget for 5-6 år sidan.

To som forsvann

I helga blei det kjent at to av dei meir erfarne spelarane på A-laget går til Lysekloster.

Både Ramo Racic og Preben Borgen fortel at dei synest det var vanskeleg å gå frå moderklubben Os, men at Lysekloster si tydelege satsing lokka.

– Har de kome for seint i gang med jobben med å få inn trenar, eller kommunisert for lite inn til spelargruppa?

– Vi beklager at vi ikkje har kome i mål, men vi har vore svært nær avgjerd tidlegare i haust.

– Og vi har både før og rett etter serieslutt gjeve ganske mykje informasjon og detaljar på kva vi har jobba med, seier Parnefält, som stilte på avslutningsfesten for laget for å fortelja om planar og målsetnadar.

– Vi har også vore i møter med enkeltspelarar, også Ramo og Preben. Vi var veldig overraska då dei gjekk, og håper resten av stallen viser tålmod ei lita stund til.

Det er også bestilt treningsleir til A-laget i 2014.

– Vi har booka bane og hotell på Kypros i veke 9. Her kjem det dessutan eit litt spennande innslag, seier Hans, førebels litt løyndomsfull.

Nye spelarar på veg

Parallelt med jobben med å få ny hovudtrenar og sportsleg koordinator på plass har styret sett etter friskt blod til A-stallen.

– Vi skal ha tre stykker på prøvespel i desember, to av dei er på plass. Begge er frå høgare nivå enn 3. divisjon, og ingen av dei har vore i Os før, seier Haddal.

– Det ser ut som om vi også snart får den tredje spelaren klar. Desse kan, i tillegg til å styrka laget, vera med på å gjera treningskvardagen meir spennande for alle dei dyktige vi allereie har.

80 nye medlemmar i haust

Haddal fortel om prioritering av kontinuitet og langsiktige mål. 2014 er ikkje året alt skal skje, men det systematiske arbeidet med å få Os tilbake i høgare divisjonar har byrja.

– Med opplegget som er på gang trur vi på ein god sesong neste år, og har sikta oss inn på å vera plassert i 2. divisjon i løpet av 2016.

– Når vi no får på plass også den sportslege delen av organiseringa av fotballgruppa, ligg alt til rette for det.

– Os Turn har fleire styrker frå før, vi har lange, gode tradisjonar, eit stort og godt anlegg, og over 450 medlemmar i fotballgruppa åleine. I tillegg kjem heile 80 nye ungar som starta no i haust!

– Rekrutteringa er svært god både på gute- og jentesida.

– Kvar er osablodet?

At det no er ein svenske og ein sunnmøring som legg dei langsiktige planane på Kuventræ, synest han er litt morosamt.

– Der eg kjem frå hadde vi ein periode to lag i same divisjon. Det resulterte i ei voldsom mobilisering i begge leirar.

– Det har eg sakna litt i Os, kvar er dette osablodet alle snakkar om? Krinsane er ofte velsigna med eit voldsomt engasjement. No er tida moden for å visa at vi kan mobilisere på Kuventræ òg.

– Så om nokon kjenner osablodet brusar i desse dagar, og har ein time eller to dei vil gje til klubben med jamne mellomrom, så er det berre til å melda seg! Vi har oppgåver som kan passa alle, ung eller gamal, seier Knut Haddal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.