midtsiden

Nær tap for botnlag

Ein knapp månad før kvalifiseringskampane måtte Os kjempa hardt for å ta poeng mot botnlaget Djerv.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Djerv - Os: 1-1 (0-0)

Djerv skåra kampens første mål då det sto 17 minutt igjen, men eit flott angrep som enda med pasning frå Preben Borgen til Tim Henrik Sperrevik, som skåra, gjorde at det blei poengdeling mellom topplaget og botnlaget i avdeling 15 i dag.

- Vi hadde for mange spelarar som var for langt unna toppformen sin i dag. Dagens nivå er ikkje godt nok til kvalifiseringkampane, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Som venta
Dagens bortekamp mot Djerv blei som Hellevik trudde på førehand, eit heimelag som la seg bakpå og satsa på overgangar, og mange tøffe fysiske duellar.

- Vi hadde spelet og trøkket, og produserte nokre sjansar, men det var ikkje godt nok. Samstundes kan dagens kamp ha gjeve nyttig erfaring til kvalifiseringskampane, spelarane fekk kjenna motgang og frustrasjon på kroppen.

Straffe imot
I andre omgang fekk heimelaget straffe, etter at ein Djerv-spelar ramla i duell med Os sin Einar Algrøy. Om det var straffe er ifølgje Os-tilskodarar diskutabelt, men ballen gjekk i nota bak Halvard Enes.

- Poengdeling er nok uansett rettvist i dag, dei skapte sine sjansar og begge lag kan nok takka gode keeparar for at det ikkje blei fleire mål i kampen. Enes hadde blant anna ei feberredning med éi hand, seier Hellevik.

1-0 skåringa kom i 73. minutt, utlikninga kom i 77. minutt.

Desse starta for Os i dag (4-3-3): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Vegard Borgen, Remi Osebakken, Vegard Leikvoll Moberg, Tore Valvik, Stian Lunde, Christer Olsen, Torkel Hjertnes og Tim Henrik Sperrevik.

På benken har han med seg: Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Frode Buvik, Per Søgnen Merai, Preben Borgen, Ramo Racic og Christian Almeland.

Byte: Preben Borgen for Olsen (60), Christian Almeland og Frode Buvik like etter Djerv-skåringa (74) for Vegard Borgen og Leikvoll Moberg.

SJÅ TABELL

Sundag spelar Os 2, som også kjempar om opprykk, på bortebane mot Årstad. A-laget til Os har neste kamp på heimebane laurdag om ei veke (kl 14.00 - ny tid) mot Trio.

Fleire saker