Samstundes med den ordinære aktiviteten i seniorsenteret går det for seg ei omfattande utviding av salongen.
– Utvidinga er på 42 kvadratmeter og kjem til å kosta oss om lag 1,6 millionar kroner.
– Dette har vi finansiert med eigenkapital og 800 000 kroner i lån, fortel leiar i stiftinga Os seniorsenter, Johannes Taule.
Ikkje plass til alle
Bakgrunnen for utvidinga er at det byrja bli trangt om plassen. Når cirka 50 ivrige trimmarar skal samlast til kaffi og drøs etter fredagstrimmen er det ikkje plass til alle i salongen.
– Då må vi dekkje på i storsalen.
– No når vi får den nye salongen på plass blir dette betre og vi kan gjera førebuingane til serveringa samstundes med at trimmen pågår, forklarer Taule.
Treng bord
Sofagruppene dei har vil dei berre flytta på inn i den nye delen av sesongen, men noko nytt interiør trengs.
– Vi er spesielt i beit for runde salongbord, så om det er nokon som har lyst til å sponsa oss så er dei hjartleg velkommen.
– Planen er at vi skal overta bygget i samband med årsmøtet tysdag 25. februar, forklarar styreleiaren.
Kommunen kjøper tomt
Den opprinnelege planen var at dei skulle utvida seniorsenteret i bak-kant.
– Det har vi ikkje klart å skaffa midler til enno, så dei planane ligg litt på is.
– Samstundes så har vi beden formannsskapet om hjelp til å sikra oss eigedomen på 385 kvaderatmeter allereie no.
– Når Hatvikvegen blir utvida, så har vi ikkje plass til å parkera på framsida av bygget og treng tomta på baksida, seier Taule.
Tomta vil kosta 900 000 kroner og vil gje cirka 13 parkeringsplassar i første omgang.
Rådmannen har gjeve ei positiv innstilling til formannskapet, kor midla blir tatt frå formannskapet sitt disposisjonsfond. Saka skal behandlast førstkommande tysdag.