Næringsliv | 24. juni 2012

Nærmare svaberga på Bjørnen

I dag var første visning på nest siste trinn i Halhjemsmarka 3.

Nærmare svaberga på Bjørnen
Ei av dei finaste tomtene i andre trinn av Halhjemsmarka 3. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. juni 2012 17:50

Bildeserie:

Fram til venstre kjem eit tett-låg-område. (Foto: KVB)
Fram til venstre kjem eit tett-låg-område. (Foto: KVB)
Om OBE får lov av naboen bygger dei sti ned til fjøra. (Foto: KVB)
Om OBE får lov av naboen bygger dei sti ned til fjøra. (Foto: KVB)
Utbyggarane fekk disp til ikkje å skjera i dette fjellet. (Foto: KVB)
Utbyggarane fekk disp til ikkje å skjera i dette fjellet. (Foto: KVB)
For fin til fyll: Denne steinen skal fraktast til ein av leikeplassane. (Foto: KVB)
For fin til fyll: Denne steinen skal fraktast til ein av leikeplassane. (Foto: KVB)
Ved dei finaste tomtene kjem også ein leikeplass med god utsikt. (Foto: KVB)
Ved dei finaste tomtene kjem også ein leikeplass med god utsikt. (Foto: KVB)
Ramsholmen til venstre, Innerøya til høgre. (Foto: KVB)
Ramsholmen til venstre, Innerøya til høgre. (Foto: KVB)
Til venstre kjem tomannsbustadar, til høgre einebustadar. (Foto: KVB)
Til venstre kjem tomannsbustadar, til høgre einebustadar. (Foto: KVB)
Vegen vidare til tredje og siste trinn, som førebels ikkje er for sal. (Foto: KVB)
Vegen vidare til tredje og siste trinn, som førebels ikkje er for sal. (Foto: KVB)
Nokre av kjøparane i første trinn er godt i gang. (Foto: KVB)
Nokre av kjøparane i første trinn er godt i gang. (Foto: KVB)
ByggConsept sine 12 i tett-låg er nesten ferdige. (Foto: KVB)
ByggConsept sine 12 i tett-låg er nesten ferdige. (Foto: KVB)
1 av 10

I fjor på denne tida ble første av tre trinn i Halhjemsmarka 3 lagt ut for sal. Responsen viste at det ikkje burde gå lang tid før neste trinn var klart.

– Vi har selt 15 av 21 tomter, 3 er fysisk i gang med å bygga og det er sendt inn bygemelding på fleire.

– I tillegg er eit tett-låg-prosjekt nesten ferdig bygd med 12 leilegheiter, det blei utselt på veldig kort tid, seier Ottar Randa, administrerande direktør i Os Bygg og Eigedom AS.

Randa er nøgd med oppmøte og interesse under dagens visning og ser fram til å byrja tomtesalet i morgon.

Over 50 nye bustadar

I andre trinn i Halhjemsmarka 3 er det 28 einebustadtomter, 3 tomter for tomannsbustad og eit tett-låg-område der det kan byggast 2200 kvadratmeter buareal i tillegg til garasje i kjellaren.

– Første trinn har mange fine tomter, men no kjem vi endå nærmare fjorden. Her er tomter heilt fram på kanten over svaberga innanfor Bjørnatrynet, seier Randa.

Tomtene for einebustadar kjem til å kosta frå 850.000 til 2.150.000 kroner.

Vil bygga sti til stranda

Nedanfor feltet er det ei fin badevik. Det går allerie ein fin sti ned til fjøra, men den ligg på naboeigedomen.

– Vi har byrja på utbetring av stien på vår tomt, og vil, om naboen synes det er OK, gjera heile stien ned sjøen sånn at ein kan trilla barnevogn heilt ned til fjøra.

Glad i stein

På veg ned til dei finaste tomtene buktar vegen seg inntil fine, bratte fjellveggar. Vegen skulle eigentleg gått rett fram.

– Det er ikkje alt du ser når du lager ein reguleringsplan, og då vi var i gang i feltet her så såg vi kor fin desse fjellveggane er. Å skjera i dette fjellet ville vore dårleg tilpassing til terreng, så vi søkte om å svinga utanom og fekk lov til det av kommunen.

Randa er også glad i lause steinar.

– Vi fann denne fine steinen og bestemte oss for å ta vare på den. No skal den fraktast til ein av leikeplassane så ungane kan klatra på den.

Mange tilflyttarar

Halhjemsmarka 2 blei ein suksess og mange småbarnsfamiliar busette seg på Halhjem tidleg på 2000-talet.

– Trenden har halde fram i Halhjemsmarka 3. Truleg ikkje med så mange nyetablerarar, men mange av dei som har kjøpt hos oss kjøper sin andre bustad når dei bygger sitt første hus her, par i 30-40-åra, men også yngre og eldre.

– Rundt 35-40 prosent er tilflyttarar frå andre kommunar.

Randa trur fint terreng, god utsikt, nærleik til idrettsanlegg og barnehage er medverkande årsak, og ikkje minst at det kjem ny veg til Bergen.

– Og så er ting klart når vi startar salet, med asfalt inn til tomta og full infrastruktur med vatn, avlaup og breiband frå både BKK og Telenor.

– At tomtene er merka med både nummer, grenser og nivå på ferdig golv gjer at folk, anten dei kjem på visning i dag eller vil ta turen utom på eigahand eller berre saman med meg eller meklar, lett kan sjå føre seg korleis eigedomen vil bli med hus på, seier Ottar Randa.

I tredje og siste trinn, som førebels ikkje er for sal, kjem 8-10 tomter og eit større tett-låg-område Os Bygg og Eigedom AS kanskje vil bygga ut og selja sjølv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.