Lokal | 22. nov. 2020

Nærmaste brannmann sat i passasjersetet

Fekk god hjelp då bilen tok fyr.

Nærmaste brannmann sat i passasjersetet
Brannvesen og politi rykte ut til Kvernavika i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. nov. 2020 13:01

Søndag klokka 12.48 kom det melding om brann i bil ved Os Seilforening si hamn i Kvernavika på Strøno.

Politi og brannvesen rykte ut, men gjorde fort retrett.

– Dei fekk sløkt brannen sjølv. Det var flinke folk om bord i bilen, fortel brannvesenet før retur til stasjonen på Moberg.

Otto, som gav seg som brannmann for fire år sidan, sat i passasjersetet på bilen som brann.

– Vi skulle ut og sjå om båten. På veg ned mot hamna kjente vi røyklukt, og så såg vi at det røykte mykje bak bilen.

Bilførar, som øvelseskøyrde, sløkte motoren og trilla ned mot hamna.

Dei kom seg nesten ned til hamna før dei stoppa og sløkte brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei kom seg nesten ned til hamna før dei stoppa og sløkte brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Der er det vannslange. I tillegg kom ein kar springande frå båten med pulverapparat. Det var opne flammar, så vi brukte både vatn og pulver, fortel Otto.

Ingen av dei involverte blei røykskadd.

– I dag er brannvesenet flinke å verna seg, det prøvde vi òg å vera. Det var ikkje sånn før, du gjekk og hosta i dagesvis etter ein bilbrann, seier den avtroppa brannmannen og ristar på hovudet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.