Når går Sverre?
Sverre Lunde Pedersen og resten av skøytelandslaget er på plass i Sotsji. Her ser du når Sverre skal gå.
Måndag reiste Sverre Lunde Pedersen, far og trenar Jarle Pedersen og resten av skøytelandslaget til Sotsji med eige chartra fly frå Oslo i lag med ein stor delegasjon utøvarar og pressefolk.
Turen gjekk greitt, men då utøverane kom til Russland viste det seg at fleire av dei mangla mykje av bagasjen. Dei reisande hadde med seg så mykje bagasje at det ikkje var plass på flyet og noko av den blei ståande igjen i Oslo.
– Dagens gladmelding: Savnet bagasje er underveis med direktefly fra Norge. Det ordner seg som regel, meldte ein nøgd Jarle Pedersen på Twitter tysdag førmiddag.
SAS hadde nemleg funne ut at dei måtte setja opp eige fly for å få dei omlag 80 kolliane med bagasje til Sotsji.
Når går Sverre?
Trudde du OL startar med opningssermoni fredag tek du feil. Allereie torsdag er snowboardarar og kunstløparar i gang i OL-anlegga, men vårt eige OL-håp skal fyrst igong laurdag.
Laurdag 8. februar kl 12.30 er det duka for oppgjera på 5000 meter, direkte på TV2.
Sverre har gjort det best av dei norske på 5000 meteren og ligg på 9. plass etter fire løp. Leiar gjer suverne Sven Kramer frå Nederland, trass i at han berre har gått tre av dei fire løpa.
Kl 14.30, laurdag 15. februar går startskotet på 1500 meter. Løpet sendast også på TV2.
Sverre Lunde Pedersen har gjort ein god sesong på distansa og ligg etter fire løp som beste norske på 5. plass i verdscupen. Shani Davis frå USA leiar verdscupen samanlagt.
Den siste distansa Sverre Lunde Pedersen satsar på i OL er lagtempo. Noreg ligg på 4. plass i verdscupen etter dei tre løpa som er gått på distansen.
Lagtempoen visast på TV2 Zebra fredag 21. februar kl 16.10.