Midtsiden skreiv i førre veke om ein osing i 20-åra som blei dømd til tre år og fire månader i fengsel for mellom anna å ha levert nær éin kilo amfetamin til ein kjøpar.
No er kjøparen, også det ein mann i 20-åra, dømd til fengsel i Sogn og Fjordane Tingrett.
Mannen var ute på prøvetid då lovbrotet skjedde, han blir difor dømd til fire år og seks månader i fengsel, inklusiv eitt år og 243 dagar som var reststraffa frå forrige dom.
Grovt narkotika brot
I tiltalen kjem det fram at mannen skaffa seg omlag 935 gram amfetamin, 64 gram hasj og 79 gram MDMA frå selgjaren i Os, med det formål å selje det vidare. Narkotikaen oppbevarte han i leiligheita til kjærasten.
– Retten viser til tiltalte si eiga forklaring, samt hans erkjenning av straffeskuld. Vidare viser retten til forklaringa til kjærasten, samt rapportar frå ransaking/beslag, rapport frå laboratorieundersøking, rekneskap funne på tiltalte si datamaskin, telefonanalyser frå turen til Bergen med identifikasjon av leverandør på Os, heiter det i dommen.
– Med tilvising til at det er snakk om over 900 gram amfetamin, blir forholdet vurdert som grovt.
Fekk kjærasten til å køyra
Ved utmåling av straff legg retten vekt på dei store mengdene og at han videre seldt delar av amfetaminen.
– Tiltalte har sjølv stått for planlegging av kjøpet. Han henta narkotikaen på Os ved å bruke kjærasten sin som sjåfør, og han har pakka narkotikaen om i mindre emballasje for vidaresal, skiv retten i dommen.
I formildande retning har dei lagt vekt på at tiltalte har tilstått. I skjerpande retning legg retten vekt på at han tidlegare har blitt dømd for liknande forhold og at han utnytta kjæresten.
– Ved utmålinga blir det i skjerpande retning også lagt vekt på at tiltalte har utnytta kjærasten sin. Dette ved at han har dratt henne inn i saka som sjåfør i samband med at han henta narkotikaen på Os, samt at han overtalte henne til å få oppbevare narkotika i hennar husvære. Tiltalte sin kjærast er ikkje tidlegare straffa, bruker ikkje rusmiddel og studerer.
Straffa omfatter også vald og besittelse av dopingmidler.