Lokal | 25. mai 2010

Narkosal bak Rema

Fredag blei tilsette ved Rema 1000 vitne til sal av "kvitt pulver" bak butikken i Idrettsvegen.

Narkosal bak Rema
Andris Hamretirsdag 25. mai 2010 08:24

- Tilsette såg ut vindauget på lunsjrommet, og oppdaga utveksling av pengar og ein ganske stor pose med kvitt pulver, fortel eit vitne til Midtsiden.no.

Politiet rykte ut på meldinga, som kom i 13.30-tida, men då hadde både kjøpar og seljar stukke frå staden.

- Det var ei dame i 50-åra som selte til ein mann i 20-åra. Politiet skal kjenna identiteten til kjøparen, fortel vitnet.

Innbrot, kollisjon og bråkete gjest
Fredag ettermiddag fekk politiet melding om at det hadde vore ubodne gjestar i ei hytte på Forstrøno. Tjuvane skal ha tatt seg inn gjennom ei terrassedør og tatt med seg ein TV og ein del andre gjenstandar.

- Laurdag formiddag kolliderte ein syklist og ein bilist i krysset ved Amfi Os. Det skal ha vore lettare personskadar. Syklisten har meldt bilisten etter hendinga, fortel Dalen.

Natt til sundag måtte politiet ta seg ein tur til Bar2Be og henta ein kar som lagde bråk. Mannen blei kjørt heim av politiet.

Tigging på Halhjem og Kuvågen
Måndag fekk politiet inn fleire meldingar om at rumenske tiggarar var på ferde på Halhjem ferjekai og i Kuvågen-området.

Politiet rykte ikkje ut på meldingane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.