Nasking og familievald
Politiet fekk melding om to tilfelle av familievald måndag. I tillegg var det ein mann som stal seg ei bukse på AMFI Os.


Politiet hadde måndag trafikkontroll på Halhjemsvegen.
– 25 bilar blei kontrollert, alle hadde alt i orden, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Stal bukse
I 20-tida på kvelden fekk dei melding om tjuveri frå ein butikk på Amfisenteret.
– Ein mann i 20-åra hadde tatt ei bukse. Han erkjente tjuveriet.
Fekk melding om familievald
Måndag fekk politiet også to telefonar som handla om familievald.
Først på dagen var det ei mor som ringte og var uroleg for ein av ungane. Seinare kom melding frå ei anna adresse, der rykte patruljen ut.
Det er førebels uvisst om det blir oppretta sak på desse tilfellene.
Os lensmannskontor opplever stor auke i familievald i Os. I vinterferien åleine var det heile fire tilfelle av vald i heimen, ved eitt av tilfella enda ei kvinne på sjukehus.