Lokal | 04. sep. 2016

Nattestengt frå i kveld

Lyseklostervegen blir stengt i kveld og fleire netter framover.

Nattestengt frå i kveld
Lyseklostervegen blir stengt om nettene og i periodar på dagtid frå i kveld til 9. september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. sep. 2016 11:46

I samband med bygginga av E39 Svegatjørn - Rådal skal det byggast ny veg frå E39 i Endelausmarka til Åsen.

Denne vegen skal gå på ei bru over fylkesveg 161 Lyseklostervegen, og i samband med bygginga av denne brua blir Lyseklostervegen stengt i periodar på dagtid og heile natta i veka som kjem.

Les òg: Lager bru over Lyseklostervegen

Lyseklostervegen blir steng søndag kveld klokka 22.00 og opnar igjen klokka 06.00 måndag morgon.

Vegen er stengt frå 22 - 06 også dei neste nettene fram til 9. september i samband med støyping av delar av brua.

På dagtid kan vegen bli stengt i inntil 30 minutt mellom klokka 7 og 19, opplyser Statens vegvesen på eit skilt i Lyseklostervegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.